Det seier Havila-direktør Njål Sævik i samband med at plattform-supplyskipet (PSV) Havila Clipper skal ut i spotmarknaden igjen etter vel to månader i opplag. Mannskapet har vore permitterte sidan 7. januar.

Sævik seier han framleis står for det han har sagt tidlegare om at offshorereiarlaga må vere varsame med å ta båtar ut av opplag.

– At Clipper skal ut har vore planlagt, seier Sævik, som framleis ikkje har planar om å ta ut dei tre ankerhandtreingsfartøya som reiarlaget har liggande i langtidsopplag.

Ifylgje Sævik har ratene for PSV betra seg det siste året. For ankerhandtering (AHT) svingar det meir.

– Det ser ut som om AHT-ratene blir betre, sakte men sikkert, men dei er framleis ikkje på eit nivå ein kan leve med, seier han.

Før Havila Clipper melder seg til teneste på spot igjen, skal båten ut på eit oppdrag for Equinor. Kontrakten på tre veker kan bli utvida med tre veker til om Equinor har behov for det. Viss ikkje blir båten ledig igjen frå 15. april.