Laurdagens førestilling var ei forrykande reise gjennom sju kjende musikalar; Hairspray, Annie, Mary Poppins, La La Land, Oliver, The Greatest Showman og Mamma Mia. Flest frå «The Greatest Showman», og derfor tittelen på forestillinga.

Samarbeid

Eit kjempeflott samarbeid mellom skulen sin songpedagog, Birgitte Vik Wymer, og lærarane i dans og drama. På fjerde året fintrimmar Vik Wymer stemmene til dei mange songelevane. Saman skapte dei magi på scena i konserthuset langt over det vi hadde forventa! Og i salen sat naturlegvis dei viktigaste supporterane; foreldre, syskjen, besteforeldre, venner, og kanskje nokre tanter og onkler til dei rundt femti elevane som var i sving på scena.

Eg veit ikkje om alle verkeleg er klar over den fantastiske opplæringa dei unge får i kulturskulen, der noko av det aller viktigaste er å bli trygge på seg sjølv, opparbeide sjølvtillit, gå fram på ei scene og levere! Det vere seg musikk, song, verbalt eller i visuell dans. Her blir alle vinnarar! Og finst det noko vakrare enn det å sjå stjernene i augene til borna og ungdomen som gjev av seg sjølv på ei scene? Ikkje for ein musikkpedagog i alle fall!

Dei sju i dramagruppa hadde skreddarsydd små dialoger og tablå der problematikken var DRAUMEN. Skulle ein gå for draumen sin, eller var det berre å gje opp først som sist? Her i vesle Fosnavåg kan vel ingen bli stjerne, eller verdsmeister?

Vi fekk både pessimistiske og optimistiske løysingar om draumar og mulegheiter. Det er viktig å godta seg sjølv slik ein er, og ein må i alle fall prøve. Men alle små dialogar pendla seg på ein fin måte inn på neste song i programmet. Kjempeflott gjort av dramagruppa. Kun tre instrumentalelevar var med som akkompagnasjon til vokalisane, på gitar, piano og fiolin. Nasko spelte piano til eit par nummer, og elles var det heilprofft «orkester på boks» som fungerte kjempefint!.

Vokalistane var frå nybegynnarar til veteranar, og alle gjorde ein glimrande innsats! Visuelle bilete og plakater frå musikalane kom på rekke og rad på lerretet.

Opningsnummeret, som var frå «Hairspray»,hadde for anledninga tittelen Good morning Fosnavåg! (i staden for Baltimore)

Danselærarane hadde heller ikkje lege på latsida. Her var mange flotte, elegante og røffe danseinnslag av 11 kreative dansar! Dette var ein ny vri på ei kulturskuleforestilling som absolutt ga meirsmak. Program på ein time…trur mange hadde lyst på endå litt meir frå scena! Vi gler oss virkelig til neste show!