Samtidig som Håvik-utbygginga er igang, lanserer grunneigarar liknande planar for sine eigedomar på andre sida av Tjørvågane. Dei har gitt B. Tarberg As oppdraget med å utarbeide detaljreguleringsplan og søkjer kommunen om løyve til å starte på planarbeidet.

Ifylgje Aleksander Tarberg går oppdraget ut på å få området, som i dag er avsett til naustområde, omregulert til fritidsbustader. I tillegg til fire nye fritidsbustader, er planen å få omregulert fire eksisterande naust til same føremålet.

– Grunneigarane ønskjer ei styrka satsing på truisme, og ser potensiale i noko som kan tilføre kommunen og nærområdet ein større verdi i form av fritidsbustader, seier Tarberg.

Planane omfattar òg eit småbåtanlegg der interesserte bebuarar i nabolaget kan få høve til å skaffe seg tilkomst til sjøen gjennom kjøp av båtplass. Dette vil vidareføre den etablerte bruken av området som ligg nedanfor butikken i Tjørvåg.

– Samling av båtplassar på ein stad vil føre til mindre press på strandsona elles i området, seier Tarberg.