Det seier Geir Johan Gjerde, som no har starta innsamlingsaksjon til Helse Møre og Romsdal. Helseføretaket har som kjent hamna i alvorlege økonomiske vanskar.

– Årsaka er pengemangelen og dei stadige trugsmåla om nedleggingar av tilbod, seier gjerdsvikaren.

Avklara med lensmannen

Om nokon skulle tru at dette er berre tøys, så må dei tru om att:

– Eg har alliert meg med lensmannen og gått fram på korrekt vis når aksjonen no er offisielt igangsett. Det er også oppretta ein eigen, sperra konto i Sparebanken Møre som eg ikkje har tilgang til, seier Geir Johan Gjerde.

Sjølv har han hatt sin del av helsemessige utfordringar opp gjennom åra. Difor veit han kor viktig det er å ha eit oppegåande helsestell.

– Kva skal pengane gå til?

– Pengane skal gå til behandling av pasientar, ikkje til å administrere. No har Mork rehabiliteringssenter som kjent hamna på kuttlista til føretakssjef Remme igjen. Og det er ikkje berre Mork, men det generelle tilbodet til innbyggjarane i Møre og Romsdal som må takast vare på, framheld han.

Håpar på 10 mill. kr

Gjerde seier slagordet, om det kan vere eit slikt for denne aksjonen, er «pasienten må vere i sentrum».

– Kor mykje håpar du aksjonen gir?

– Tja...kanskje vi bør sikte oss inn mot 10 millionar kroner. Vi har tidlegare sett at innsamlinga til osteoporose-maskin ved Volda sjukehus fekk inn 1,5 millionar. Så folk gir så det monnar når det er viktige saker det gjeld.

– Går pengane til drift, så må vel aksjonen halde fram?

– Det har eg ikkje bestemt noko rundt. Pengane skal gå til det beste for pasientane, lyder svaret.

Gjerde opplyser også kontonummeret til aksjonen, og vi gav grønt lys for å trykke det i avisa: 3910.64.49299.

– No håpar eg folk gir til aksjonen. Dette gjeld oss alle, avsluttar initiativtakaren.