– Dette er ein veldig idyllisk stad, og dette blir veldig bra. Eg synest det er flott at det skjer noko i Dragsund, sa Kjell Runde (Folkelista) då formannskapet skulle ta stilling til saka om løyve til oppstart av planarbeid ved gamle Sporstøl bilverkstad i Dragsund.

Tiltakshavar Geir Sporstøl ynskjer å bygge fritidsbustadar og naust på området til den no nedlagde bilverkstaden.

Skryt til Goksøyr

Arnulf Goksøyr fekk også ros for sine planar i Goksøyra.

– Dette er spanande, og kreativt. Det er å vere på lag med naturen, veldig bra, sa Gjelseth.

Ordføraren var sjølvsagt ikkje habil i eiga sak, men kunne frå sidelinja konstatere at kollegaene i formannskapet gav eit samrøystes ja til detaljreguleringsplanen.