Helga fekk derimot ein litt trasig start, etter at fleire erfarne padlarar skulle padle seg ein tur mot Rundebranden.

– Sjøen tok seg opp, noko som resulterte i at to kajakkpadlarar havarerte i bølgjene, og fekk øydelagt den eine kajakken. Dei to er svært kompetente, og klarte å ta seg opp ein sprekk i fjøresteinane. Dette var ikkje veldig dramatisk, men dei greidde ikkje å kome seg derifrå, fortel Joakim Eiksund i Herøy Kajakklubb.

Etter at Redningsselskapet hadde sett på situasjonen, måtte dei tilkalle hjelp frå eit redningshelikopter frå Florø. Dei fekk havaristane trygt i land.

– Alt gjekk bra og vi får sjå det som viktig lærdom, seier Eiksund.

Bra helg elles

– Elles var helga fantastisk, held Eiksund fram.

Laurdagen starta med eit informasjonsmøte med Phil Mansfield, der dei deltakande fekk lære om tare som mat. Dei gjekk deretter i fjøra for å smake litt på dei forskjellige «delikatessene».

Utover dagen blei det også padleturar, sjølv om vêrforholda var litt utfordrande. På kveldstid var det festmiddag på miljøsenteret. Eiksund skryt mykje av bevertninga, og seier Runde Miljøsenter kjem til å vere fyrstevalet neste gang kajakklubben skal ha slike arrangement.

Padlepolitikk

Ein av grunnane til at møtehelga vart arrangert, er fordi Padletinget vert arrangert 05.–06. april. Padletinget vert arrangerer ein gong annakvart år. Dei forskjellige klubbane i Midt Noreg diskuterte difor fleire saker. Av dei er det verdt å merke seg to som spesielt viktige, forklarar Eiksund.

– Den fyrste saka handlar om at vi skal jobbe for meir openheit og innrapportering kring til dømes nestenulykker. Då kan ein lettare drive førebyggande arbeid, forklarar Eiksund.

Det andre punktet som klubbane vil jobbe for, er å innføre ein HMS-app i klubbverksemda. Molde kajakklubb har nemleg utvikla ein app som gjer deira medlemer i stand til å loggføre viktig informasjon før ein reiser på tur. Dersom noko skjer, som til dømes ei ulykke. vil dermed ein HMS-ansvarleg i kvar klubb enkelt kunne skaffe seg oversikt over kven som treng hjelp, kva utstyr dei har og kvar dei er.

Nytt styre i HKK

TIl slutt får vi vite at Herøy Kajakklubb har valt eit nytt styre. Leiaren for klubben er Eilin Reinaas. Jon Anders Skorpen er nestleiar, Christer Nærø Torvik er kasserar og styremedlem, Mads Jacob Utseth Stave er styremedlem og det same er Ragnhild Margrete Bremnes. Styret har også tre vararepresentantar, Guro Gausemel, Irma Håvoll Sætre og Joakim Eiksund.

– Eg er også executive chief director for naustet vårt, fleipar Eiksund.