Arkeologien ser ikkje lenger ut til å vere noko hindring for at reguleringsplanen for Nerlandsøybrua kan godkjennast.

– No ser det ut til at vi kan vere klar til endeleg behandling av reguleringsplanen i april, seier ordførar Arnulf Goksøyr.

Avklaringa som kommunen har venta på ligg no føre i form av eit brev frå Riksantikvaren. Her går det fram at konfliktene i høve til arkeologi kan løysast gjennom utgraving av to registrerte steinalderlokalitetar på Kvalsund.

Riksantikvaren slår fast at for dei andre automatisk freda kulturminna, som er registrerte i området, kan det givast dispensasjon utan vilkår om utgraving.

Stort potensiale

Ifylgje Riksantikvaren vil ei utgraving av dei to lokalitetane ha stort potensiale for å gi auka kunnskap om overgangen frå eit jakt- og fiskebasert samfunn, til eit jordbruksbasert samfunn. Han viser til at frå tidlegare er det gjennomført relativt få undersøkingar av kulturminne frå denne aktuelle perioden, både lokalt og regionalt.

Med tanke på den uvissa som har rådd i høve til arkeologien på Kvalsund, er ordføraren glad for den positive avklaringa som Riksantikvaren no har kome med.

– Dette var ei positiv avklaring, seier Goksøyr.

Tre millionar kroner

Utgravinga av dei to steinalderlokalitetane er kostnadsrekna til om lag tre millionar kroner. Denne kostnaden vil falle på fylkeskommunen som tiltakshavar, og utgravinga må vere gjennomført før anleggsarbeida blir starta opp.