Blåhaugen skule har i lengre tid hatt behov for auka kapasitet, i form av grupperom. I tillegg treng skulen ei utebu, som skal nyttast til oppbevaring av leiker.

Tiltaket blei i desember bakt inn i budsjettet for 2019. I budsjettet er det sett av 1,1 millionar kroner til prosjektet.

Måndag signerte ordførar Arnulf Goksøyr byggekontrakt med Kvadratbygg AS.

Byggestart for prosjektet er etter planen 29. april, og tilbygget skal vere ferdigstilt til 04. oktober 2019.

B. Tarberg skal utføre grunnarbeidet, medan andre lokale underleverandørar som Egset ventilasjon og Kvalsvik Elektro også vil vere involverte i prosjektet.

Nokre ulemper i byggeperioden

Brukarane av Blåhaugen skule vil under byggperioden måtte belage seg på ulemper som støy, støv, endra trafikkmønster og eit delvis avstengt uteområde.