I dag blei batteriferje nummer tre, «MF Godøy», til sambandet Hareid-Sulesund overlevert frå Havyard til Fjord1. Med batteridrift av dei nye ferjene, er CO2-utslippa rundt 90 prosent mindre enn dersom akkurat dei same ferjene hadde gått på tradisjonelt drivstoff, hevdar Havyard i eit presseskriv.

Har nytta seg av forsking

Statens vegvesen har investert over 100 millionar kroner i målemaster og målebøyer i Sulafjorden. Desse gir datamengder om vind, straum, temperatur, bølgjehøgda og bølgjelengder som norske forskarar aldri tidlegare har hatt, og som gir et unikt innblikk i ein fjord. Denne type er tatt i bruk av Havyard  i utviklingsarbeidet med de nye ferjene som skal krysse Sulafjorden. Leiar for FoU-arbeidet i Havyard Group, Kristian Steinsvik, forklarar at de har brukt data frå vêr og vind, straum og bølger til å gjenskape forholda i Sulafjorden digitalt. I denne virtuelle testtanken blei ein digital modell av ferja testa ut, blant anna for å optimalisere skrogforma.