Maritim og teknisk komite i Herøy kommune vedtok i fjor å seie ja til at det gamle naustet, som blei orkanoffer i 2011, kunne byggast opp igjen på same stad. Etter politikarane sitt syn var det fleire fordelar enn ulemper med tiltaket, og administrasjonen si negative tilråding blei dermed snudd til eit positivt vedtak frå utvalet.

Saka er no endeleg avgjort av Fylkesmannen i Trøndelag, som blei oppnemd til settefylkesmann etter at kommunen valde å sjå vekk frå Fylkesmannen i Møre og Romsdal sin klage på godkjenninga.

Fylkesmannen slår fast at i plansamanheng er gjenoppføring av naust likestilt med nyoppføring. Han meiner det ikkje er grunnlag for dispensasjon verken frå kommuneplanen eller 100-metersbeltet då dette er eit naust som skal brukast i fritidssamanheng.