– Eg har oppfatta det slik at fylket får hamnene gratis om ikkje kommunane går med på å kjøpe dei dyrt. Derfor vil eg at vi skal gjere eit vedtak om at vi tek dei gratis. Vi bør vere positive til å ta over hamnene, og styre dei. Men vi har betalt skatten vår, og då bør det vere gratis, sa ordførar Arnulf Goksøyr (H) innleiingsvis.

Rådmannen hadde på førehand tilrådd at Herøy kommune skulle kjøpe tomtene til takst. Taksten er på 1 950 000 kroner, der Runde fiskerihamn har klart størst verdi, ein million kroner. Dei andre hamnene som Kystverket har fått i oppgåve å avhende er Bøvågen, Sandebukta, Kopperstad og Skorpa fiskerihamn.

Då saka var oppe i maritim og teknisk komite var medlemane samrøystes i si tilråding om at Herøy kommune bør kjøpe tomtene til takst.

Ole Brubakk (KrF) forklarte litt meir om prosessen i MTK.

– Avgjerda var samrøystes i MTK, men det var ein del bekymringar rundt det då. Eit problem er at det er snakk om gamle anlegg. Dei kan fort få stor skade, og då må vi betale. Men samtidig er det slik at hamner bør vere offentlege, og vi veit jo heller ikkje kva som vil skje om hamnene blir private, sa Brubakk.

Han fekk støtte frå Stig Arne Sævik (H). Kjell Runde (Folkelista) var derimot ikkje einig.

– Det mest nærliggande må vere naturskade, og det kan vi forsikre. Eg trur ikkje at det er så farleg å gå inn for å kjøpe, i alle fall ikkje om det er store vedlikehaldskostnadar vi fryktar, meinte Runde.

– Kan ikkje risikere at hamnene blir private

Ap-duoen Leiv Aarflot og Svein Gjelseth var på si side bekymra for at eit slikt vedtak kunne føre til at hamnene endar opp hos private.

– Vi må vakte oss litt her, og vite kva vi gjer. Vel vi å melde tilbake at vi vil ta over hamnene, men gratis, kan vi risikere at hamnene ender opp hos private, sa Gjelseth.

Goksøyr var då villig til å moderere seg litt.

– Vi må iallfall utfordre dei på prisen. Om vi til dømes tilbyr 50.000, då vil dei ha fått noko for dei. Eg er ganske sikker på at Kystverket er ute etter å bli kvitt hamnene, og at dei gjerne vil behalde dei offentlege, hevda ordføraren.

Rådmann Olaus-Jon Kopperstad meinte at det fornuftige då ville vere å gi tilbakemelding om at Herøy kommune vil forhandle om prisen.

Det gjekk også formannskapet samrøystes inn for.