Kvelden blei opna av det lokale bandet Vyar, som sørga for underhaldning og avbrekk gjentekne gongar utover kvelden. Bandet er kanskje litt ukjent, men kvaliteten og samspelet i gjengen var upåklageleg. Etter eit opningsnummer kom kveldens konferansier, Torill Myren, på scena og introduserte fyrste prisvinnar med ein film laga av heiderspersonene sjølv, Adrian Helde Remøy.

– Ein person som byr på seg sjølv

– Adrian er ein person som har utmerka seg på mange arenaer, heilt ifrå hans fyrste opptreden som toåring, då han song «Mikkel Rev» i eit familieselskap, til dei seinare åra då vi har sett han som aktør i fleire kulturelle samanhengar, som til dømes Danny i musikkshowet «Bryl og Vinyl», skodespelar i Herøyspelet og artist i UKM. Men det viktigaste av alt som juryen har trekt fram, er at dette er ein person som torer å by på seg sjølv.

Det var litt av det Myren sa før ho bad fjorårets vinnar av ungdommens kulturpris kome fram. Helde Remøy, som for tida går på folkehøgskule i Gjøvik, var veldig takksam for heideren. I tillegg til å skryte av sin morfar og familien for sine musikalske aner, kom 19-åringen med nokre visdomsord til publikum og dei andre prisvinnarane.

– For meg er det viktig å seie: Ha trua på dykk sjølve. Ikkje bry dykk om kva andre synast.

Med dei orda tok han opp gitaren og framførte to heimesnikra låtar. VI fekk mellom anna urpremiere på hans nyaste, folkelege og melodiske vise om Akerendam, ein låt som vitjar om at Helde Remøy no verkeleg har funne sin stil.

– Ein skatt vi må ta vare på

Så var det tid for å gjere stas på fjorårets kulturprisvinnar, «ei velvaksen dame» som Torill Myren omtala ho; Sunnmørsjekta Anna Olava. Også her fekk vi sjå ein video. Denne er frå restaureringsprosessen av museumsjekta. På grunn av motorhavari og skader på skrog, samt manglande ressursar til igangsetting, vart jekta sett på land i oktober 2011. Ved hjelp av RDA-tilskot kunne ein starte arbeidet med å setje jekta i stand, og i perioden frå 2017 leia ei tverrfagleg, frivillig arbeidsgruppe arbeidet med vedlikehald og rehabilitering av båten, med god hjelp frå mange frivillige. I same perioden er delar av skroget utbetra av Ottar Bjørkedal. Etter nær seks år på land vart jekta sjøsett på nytt 30. august 2017.

For å ta imot prisen kom fleire av dei frivillige arbeidarane. Hans Lennart Sævik er ein av dei. Han omtala jekta som «ein skatt vi må bevare». Myren stilte feire spørsmål kring arbeide, mellom anno kva som heldt dei gåande gjennom alt arbeidet.

– Eg trur det er litt som å trimme. Det verste er å kome seg over dørstokkmila å gjere det. Når ein fyrst er i gang med det trivast vi med arbeidet og vi har hatt det kjekt i lag, svara Sævik.

Steinar Åheim heidra med song og musikk

Etter ein kaffipause med meir musikk frå Vyar, vart siste statuett delt ut. Denne gjekk til kulturprisvinnaren for 2017, Steinar Åheim. Han har i mange år gjort ein stor innsats i styret for Herøy sogelag, med særleg ansvar for arbeidet med bygdesoga Heimar og Folk bind 1, der han har skrive den generelle teksta for krinsane, som har medført mykje innhenting av data for Runde, Remøy og Leinøy.

Ein annan viktig faktor som vart lyfta fram, var hans trufaste trekkspel og all den gleda og allsongen hans musikalitet har fostra i alle år. I denne musikalske ånda, var det fleire som ville heidre Åheim. Bergsøy blandakor framførte to melodiar under leiing av Morten Bollerud. Bollerud tok oss også med på ei musikalsk reise til Italia, ein stad Åheim sjølv er fascinert over, med si tolking av «Nella fantasia», også kjent som «Gabriel’s oboe».

– Eg blei veldig overraska over denne prisen, men er takksam for han. Når sant skal seiast, er det ein pris i seg sjølv å få jobbe med historie slik som eg har fått gjort. Ein får meir enn ein gir i slikt arbeid. Om vi ikkje tek vare på historia vår, blir vi fattige, sa Åheim, då han fekk overrekt blome, statuett og gåvesjekk.

Som ei avslutning på arrangementet, fekk dei frammøtte høyre ein vakker duett av barnebarna til Steinar, Julie Vigdel Kolnes og Lea Lillestøl Magerøy.

Ungdomsprisen vart delt ut av Hilde Torgersen i Nordea saman med varaordførar Camilla Storøy. Dei to andre kulturprisane vart delt ut av Per Ronald Knutsen for Sparebanken Møre saman med Storøy.