Aasmund Torvik har ytra ønske om å få reservere ei tomt på Mjølstaneset. Tomta var tidlegare ein del av tomtearealet som Sigurd Teige ville bruke til å etablere eit pelagisk fiskemottak. Dei planane er som kjend skrinlagde. Dermed såg Aasmund Torvik ein sjanse til å reservere tomta.

Men Torvik sin søknad skulle vise seg problematisk.

Pumpestasjon skaper problem

Fred Arnesen frå teknisk avdeling kunne nemleg informere formannskapet om at pumpestasjonen i området må flyttast om Aasmund Torvik sine planar skal vere mogleg å gjennomføre.

Pumpestasjonen er i drift, og betener SSR og områda rundt.

Formannskapet forstod med ein gong at dette vil koste pengar.

– Viss pumpestasjonen skal flyttast, kva vil det koste? Og kven skal betale for det, undra Kjell Runde (Folkelista) seg.

Han fekk støtte frå Solveig Båtsvik (Frp), og formannskapet diskuterte litt rundt saka. Dei konkluderte med at det mest nærliggande måtte vere at kjøpar skulle ta desse kostnadane.

– Ei av dei beste tomtene

Svein Gjelseth (Ap) var usikker på om dette var rette tomta å gi Torvik.

– Det er ei av dei beste tomtene vi har på Mjølstaneset. Vi såg kva planar Silfas hadde i området, og veit det er fleire som har interesse for den. Byrjar vi å dele opp tomta i mindre parsellar, blir den mindre attraktiv. Det viktige er at Aasmund får ei tomt der han er sjønær. Vi skal ikkje stikke under stolen at bedrifta hans går godt. Vil at vi skal ta ei runde på om det er andre stadar som er like eigna som akkurat dette området, sa Gjelseth.

Han fekk støtte frå Stig-Arne Sævik (Høgre).

– Det er gledeleg at nokon vil starte med ting på Mjølstaneset. Men tenkjer litt på ønsket med denne tomta, og tenker litt på framtidige kaier. Men vi kan ikkje sette ein stoppar for ei etablering berre fordi det kan kome noko anna i framtida. Eg vil vere med på diskusjonen om det finnast ein annan stad for Aasmund, sa Sævik.

– Dette er ein del av saka om Torvik Resort, og den må vi berre finne ei løysing på, meinte ordførar Ole Brubakk (KrF).

Han var ordførar, ettersom Arnulf Goksøyr (H) og Aasmund Torvik er syskenbarn. Heller ikkje varaordførar Camilla Storøy (KrF) er habil i saka. Ho var elles ikkje til stades under møtet.