Det er ikkje berre grunneigarane som ser med stor uro på å få ein gravplass heilt inn på livet i Grønhaugen. Like uroa er folk med adresse Toftestøvegen, og som allereie no varslar økonomiske krav mot kommunen om dette alternativet til ny gravplass skulle bli valt.

Omgåande reaksjonar

Grønhaugen har som kjent blitt tilrådd av konsulentfirmaet som har vurdert ulike alternativ til ny gravplass på oppdrag frå Herøy kommune. Grunneigarane sine reaksjonar kom spontant allereie under presentasjonen av analysen for ei tid sidan.

I ettertid har fleire hengt seg på med protestar mot den tiltenkte plasseringa av ny gravplass. Her blir det knytt ei rekkje kritiske kommentarar til vurderinga av Grønhaugen som eitt av dei mest aktuelle alternativa. Mellom anna denne:

Misvisande

«Med tanke på trafikkavvikling er rapporten direkte feil og misvisande. Manglande infrastruktur og rundkøyringar gjer dette området ueigna for den trafikkmengd som ein gravplass vil føre med seg. Vi synest også det er spesielt å legge ein gravplass som næraste nabo til eit av dei mest populære bustadområda på Bergsøya, og eit mykje nytta utfartsområde for barn og unge».

Vidare blir det vist til at stort sett kvar dag, når vêret tillèt det, er det ungdomsfestar i fjøra rett ved det som blir den vestlege delen av den tiltenkte gravplassen.

Folk som bur i området stiller seg også undrande til at Grønhaugen kan bli omtala som eit skjerma område: «Her kan særleg vindar frå sør og vest vere ekstreme og gjere det utriveleg og tilnærma utilgjengeleg for folk som skal besøke gravplassen store delar av året», heiter det mellom anna.

Økonomiske krav

Likevel synest tanken på verdiforringing av eigedomane å vere det som gjer folk mest urolege med Grønhaugen-alternativet. Folk har allereie hatt kontakt med eigedomsmeklar som kan stadfeste at verdifall på naboeigedomar kan dokumenterast frå liknande prosessar i andre kommunar.

I den samanheng blir det varsla at kommunen vil bli halden ansvarleg for økonomiske tap som ein gravplass i Grønhaugen vil påføre naboeigedomane.