Måndag 11. mars fekk Haugelia barnehage besøk av Vegard Longva som er utdanna kokk. Saman med barna på storbarnsavdelinga (2-5 år) skulle dei lage fiskesuppe til forrett. Hovedrett var heimelaga fiskepinnar med heimelaga potetstappe, råkostsalat, brokkoli og dressing som tilbehør. Småbarnsavdelinga fekk også smake på den gode menyen som barna på storbarnsavdelinga hadde laga.

Det var ein spent gjeng som skulle prøve seg som kokkar. Sjølv dei minste barna på to år var engasjerte og nysgjerrige på kva som skulle skje.

Barna fekk i starten ein gjennomgang av kva dei skulle lage og kva ingrediensar som blei brukt. Vidare delte dei seg i grupper, der alle fekk prøve seg. Dei fekk prøve alt frå å skrelle grønsaker, skjære opp- og raspe grønsaker, knekke egg og duppe fisken først i mjøl, deretter i egg og til slutt i cornflakes.

Dette var ein del av opplegget til barnehagedagen som var tysdag 12. mars. Temaet var å undre seg, noko som barna fekk gjort denne dagen. Det var fin kommunikasjon mellom Vegard og barna. Barna stilte spørsmål og Vegard forklarte på ein god måte korleis ein lagar desse to rettane.

Det var ein kjekk og innhaldsrik dag i Haugelia barnehage for både små og store.