– Vi håpar å vere framme før det har gått 40 døgn, seier skipper Leif Vonheim på eks-Stålegg. Han kan fortelje at seglingsdistansen på det noko uvanlege oppdraget er på 9.825 nautiske mil.

Vi har klatra mom bord i tidlegare «Stålegg», fiskebåten som no har fått namnet «Pacific Legacy No. 1». Tidlegare i år vart fiskebåten seld frå Beitveit Havfiske til canadiske Pacific Legacy Seafood Inc.

No ventar ein langtur frå den norske vestkysten til nordvestkysten av Nord-Amerika.

Reiarskryt etter lokal hjelp

Representant for dei nye reiarane, Brian Mose, sit i messa og snakkar med skipper Vonheim om dei siste detaljane før båten kan kaste loss.

– Det er ein fin gjeng som fører båten over til Seattle. Eg vil også nytte høvet til å rose Jarle Gunnarstein og Larsnes Mek. for arbeidet som er gjort før båten no skal reise over Atlanteren. Eg vil tru det er litt av eit eventyr spesielt for dei yngre om bord, seier Mose og blunkar til unge Nathan Vonheim.

Sistnemnde er son til skipperen og går til vanleg på Herøy vidaregåande skule. Nathan stadfestar at han gler seg til ein spennande tur – og håpar sjølvsagt å unngå den verste sjøsjuka.

Brian Mose seier han kom over Stålegg via kjenningar i Norge.

– Båten passar godt til vår drift, både når det gjeld frysekapasitet, praktiske funksjonar og storleiken elles, seier reiaren. Han har siste par månadene budd på hotell i Ulsteinvik og følgt med på arbeidet og klargjeringa som er gjort på Larsnes.

Inn har det mellom anna kome nytt fryseri. I USA står det norske firma klare til å setje inn ny fabrikk og anna utstyr. Målet er å kome seg i fiskeri 1. juni i år. Då skal båten ut og jakte på «hake», eller kolkjeft på godt norsk.

– Vi har hatt eit fint samarbeid med tidlegare eigar Kenneth Beitveit, som også har skaffa mannskap til transporten over til Seattle, opplyser Brian Mose.

Mannskapet

Skipperane Leif Vonheim og Asle Notøy kjem til å jobbe ei 6/6-skiftordning på vegen mot målet. Dei har selskap av Knut-Anders Skoge, Thomas Hoddevik, Mats Møllevik og Patrick Frøshaug, samt den kanadiske maskinisten Paul Puratick, pluss altså unge Nathan som er førstereisgut.

– Kva blir dei største utfordringane, Vonheim?

– Eg trur ikkje det vil by på særlege vanskar, seier den røynde skipperen frå Kvamsøya. Han har segla denne ruta tidlegare.

Likevel legg han til at overfarten mellom Den engelske kanal, gjennom Biscayabukta og til Azorene stundom kan by på tøffe forhold. Resten trur han vil gå heilt greitt.

Det sosiale er viktig

– Det er ekstra viktig, når vi berre driv med transport, at vi har det sosialt greitt om bord. Vi har ein kokk som er god på å lage tradisjonell husmannskost, og elles er det viktig at mannskapet har noko gjevande og kjekt å finne på undervegs.

Vonheim seier ruta inn i Karibia vil gå gjennom British Virgin Islands. Ved Panamakanalen vert det truleg noko venting. Når dei kjem inn mot Seattle håpar Vonheim at den amerikanske kystvakta ikkje vil by på altfor store problem.

Fredrikstad-busette Asle Notøy, opphavleg frå Haugsbygda, seier han kjem til å vere att eit par dagar, og «sjå seg rundt». I tillegg har han eit par gamle kjenningar i Seattle som han vil møte.

Båten drog frå Larsnes onsdag ettermiddag. Kanskje skriv vi mai før gjengen er heim igjen, eit par erfaringar rikare.