Det er dagens stilling i saka om den eventuelle samanslåing av rektorstillingane i Gursken og Gjerdsvika, knytt til den komande nye forskrifta om skulestrukturen i Sande.

Ordførar Dag Vaagen (H) innleia og varsla eit utsettingsframlegg i saka som har skapt ein del debatt. Bakgrunnen er at kommunestyret i oktober varsla at ei samanslåing også av desse einingsleiarstillingane «eventuelt» skal vedtakast.

– Alternativet til dei innsparingane vi drøftar, var som kjent ei nedlegging av skular, sa Vaagen i kommunestyret. Han kunngjorde at saka treng meir utgreiing, mellom anna for å sjå alle sidene av saka, ikkje minst dei juridiske.

Dei andre som hadde ordet etter Vaagen, meinte alle at det er klokt å gå ei runde til i denne saka. Camilla Auflem Vik varsla fylgjande:

– Vi er ikkje innvalde for å spare pengar, men for å gje gode kommunale tenester. Eg kjem til å seie mykje meir om denne saka når ho kjem opp igjen 10. april.

Saka vart samrøystes utsett, og går no tilbake til administrasjonen for nye vurderingar.