– Det er slett inga sjølvfølgje at vi framleis er her etter 50 år med drift. Det er snarare få forunnt å halde ut så lenge.

Bente Igesund, den førre eigaren av Modeca, er klar i det ho seier då vi møter ho i jubileumspynta klebutikk denne veka. Saman med sonen, noverande eigar Kai Igesund, og mor, bedriftsgründeren Elise Igesund, forklarar ho at dei har mykje å vere takksame for. Spesielt trekk generasjonstrioen fram korleis familedrifta har vore ein avgjerande faktor for det lange løpet.

– At vi har gjort dette som ei familie, trur vi har mykje å seie for at vi har fått det til slik som vi har. I det ligg det mellom anna at det er mykje dugnad i å skulle halde hjula gåande i ei bedrift som dette. Det vil seie at også våre kjære har måtte stå i det, resonnerer dei tre.

– Om der er eit endå enklare svar på korleis vi har halde ut så lenge, må nok stikkorda vere; hardt arbeid, legg Bente til.

Elles er også samarbeid med andre lokale bedrifter ein av nøklane for suksess, blir vi forklart.

– Ein annan 50-åring i år er A. Sævik. Det er ei vitnesbyrd på korleis det fint går an å dele på ein marknad og hjelpe kvarandre til vekst, seier Kai.

Hugsar godt starten

Heile eventyret starta tilbake i mars 1969. Det var då Elise og Knut Igesund tok over Barstad Konfeksjon A, s og bestemte seg for å starte klesforretninga. Då var det i fyrste omgang Strandgata som var lokasjon for butikken, men etter berre nokre månadar flytta dei inn i lokala der Fargerike held til i dag.

– Eg hugsar kjempegodt då vi skulle flytte butikken. Det var gjort i ei forrykande fart og vi fekk hjelp av mange folk. Vi sprang gjennom Fosnavåg med klestativa trillande framføre oss, flirer Bente, som sjølv byrja å jobbe i bedrifta sommaren same året.

Etter kvart tok Bente og dei fem andre syskena, Margaret, Dag, Odd-Egil, Kåre og Anita, over drifta. Stafettpinnen har såleis gått sin gang og har til slutt enda opp i Tone Kopperstad si hand. Som dagleg leiar og eigar førar ho no tradisjonsbedrifta vidare saman Kai Igesund.

Aldri kvidd seg til jobb

Drifta har, som ein skulle vente, gått i bølgjedalar. I dei tyngste tidene, som under krakket i 1987, fortel Bente at ho ikkje var langt unna å sette kroken på døra.

– Ja, då tok eg vel knapt ut noko løn. Det hugsar eg som ei spesielt vanskeleg tid, seier ho.

Når det er sagt, har det vore tider i andre enden av skalaen, som i åra mellom 1994 og 2009, då bedrifta utvida og kjøpte seg inn i lokala der dei held til i dag.

– Då gjekk stort sett eigentleg det meste på skjene, fortel Kai.

Ein ting som derimot ikkje har endra seg i opp og nedgangstider, er gleda over å kunne kome på jobb. Korkje den eine eller andre kan seie dei nokon gong har kvidd seg for å gå på jobb.

– Det er klart, vi har på ingen måte vore nøydde til å drive butikken, og det er eit resultat av patriotisme og arbeidsglede at vi framleis er her. Vi kosar oss på jobb, og det er alltid kjekt å få besøk av kundar og gjere dei fornøgde. Dei er også med på å gjere alt verdt det, forklarar dei tre.

Ei krevjande tid

Å rosemåle dagens situasjon for handelsnæringa, er ikkje jubilanten interesserte i. Det er vanskelege tider å skulle drive lokalbutikk. Likevel er det ein framtidsretta gjeng som denne veka inviterer til jubileumssal.

– Det er klart at vi er spente på korleis tida framover vil bli. Vi skulle vore enda meir på tilbodssida når det kjem til å gi ungdom jobb, og gjerne også på sponsorfronten, men tida krev omstilling frå vår side. Samtidig ser vi tendensane til endringar stadig. Vi håpar naturlegvis at nedgangstrenden i næringa kan snu etter kvart, seier Kai.

– Trur de vi kan feire 60-årsdagen om 10 år?

– Vi vil ikkje spå, men vi blir no her so lenge folket vil ha oss her, smiler gjengen.