Han tek over for Håvard Stave som har gått over til designfirmaet Skipskompetanse i Måløy.

– Ja, dette er veldig spennande. Som Stave tidlegare har påpeika, er det er mykje på gang med omstilling av drifta i FOSAC. Det er også derfor eg har takka ja til denne jobben.

Det seier den nye daglege leiare Aleksander Leine i ein kommentar til Vestlandsnytt. Leine jobbar til det daglege i offshorebransjen som arbeidsleiar, ein jobb han framleis kjem til å kombinere med den nye stillinga. Som om ikkje det var nok, er Leine også dagleg leiar for Fosnavåg-baserte STQ som driv kursverksemd innan offshore og simulator. Det er ein av faktorane som spelar inn i kvifor han no tiltrer i stillinga. STQ har fleire av sine kurs på FOSAC og Leine har jobba på senteret sidan det starta. Han er såleis ein naturleg arvtakar etter Stave.

– Stave har gjort ein fantastisk jobb, og eg vil bygge vidare på hans visjon om nysatsinga i bedrifta.

Med fokus på profilendring

Ei av dei oppgåvene som Leine står ovanfor, er at Fosnavåg Ocean Academy no er inne i ein prosess med å endre sin profil.

– Mange trur at vi berre driv kursverksemd for offshore, slik det var i starten før det small i næringa. No er derimot FOSAC eit mykje breiare og større kompetanse- og utviklingssenter. I det ligg det at vi tilpassar oss ein mykje større maritim marknad der vi vil tilby fleire typar tenester, forklarer Leine.

Han viser som eit døme til satsinga deira mot brønnbåt-næringa. Nylege tilsetjingar er også ei vitnesbyrd på dette, ifølgje Aleksander. For ikkje så lenge sida fekk FOSAC nemleg både David Nerland Paulsen og Jonas Frantzen Aklestad med på laget, og skaffa seg med det kyndig kompetanse innanfor programmering og datautvikling.

– No kan ein gjerne sjå på oss som «eit digitalt grendehus», seier Frantzen Aklestad litt humoristisk til Vestlandsnytt.

Ope hus?

For å markere seg som det kompetansesenteret dei ønskjer å vere framover, er både Leine og Aklestad inne på tanken om å opne senteret litt meir for almuen.

– Heilt klart. Vi vil gjerne at folk gjer seg meir kjent med kva moglegheiter vi har her på huset. Kanskje vi til og med skal arrangere opne dagar her, sopass folk får sjå alle dei spennande tinga vi jobbar med, avsluttar Leine.