– Dette har alltid vore ein draum for meg.

Arild Moldskred smiler litt i det han seier det. Blikket hans er fastlåst, og den daglege leiaren i Moldskred Renovasjon er i djup konsentrasjon. Over oss dinglar eit stort vindauge etter kranarma på det som er bedriftas nyaste tilskot, ein kranbil, den største mellom Bergen og Mosjøen i sitt slag.

– Det er kjekt å krane, men på ein så vêrutsett plass som Vågsholmen, må eg seie eg er litt nervøs, held Moldskred fram. Han plasserer nok eit vindauge på det nye bustadkomplekset, som for alvor byrjar å ta form.

Kranbil

Det blei altså den mykje omtala bustadsatsinga på Vågsholmen som fekk vere fyrste prosjekt for den nye tungløft-satsinga for renovasjonsselskapet. Fleire millionar har gått med i innkjøpet av bilen.

– Nei, du må ikkje snakke. No blir ikkje det noko meir innkjøp på ei stund, flirer Arild og ristar på hovudet.

Etter å ha fått sugekoppmodulen ned på bakken, fortel han oss meir om den nye bedriftsbilen. Han har ein krankapasitet på 1,1 tonn på 34 meter, maks-lengda er på 39 meter og han når 40 meter opp i høgda. I tillegg til sugekoppmodulen har krana også fleire tilhøyrande reiskap.

– Vi har fleire typar verktøy til bilen, som for eksempel gripsag, ulike grabbar og ei personlift. Sistnemnde har eg prøvd. Det var rimeleg heftig, smiler Moldskred nok ein gong.

Eigenmekka kamerabil

Som om ikkje den nye kranbil-investeringa var nok, kan driftsansvarleg Lars Ivar Moldskred fortelje oss om nok ei nysatsing for bedrifta.

– Denne har vi faktisk utrusta sjølv, med god hjelp ifrå Rovde møbel som har laga innretninga, seier Lars Ivar.

Han opnar sidedøra på ein varebil, eller «kamerabilen» som han kallar han. Bilen er utstyrt med fleire forskjellige kameratypar, eit vinsjsystem og eit kameraoperatør-kontor med monitorar.

– Med alt kamerautstyret vi har installert i denne bilen, er vi klare for å tilby ein heilt anna form for rør-inspeksjon, noko vi ikkje har vore i stand til før no. Vi kan operere i rør frå 20 millimeter til 2,5 meter. I tillegg er vi i stand til å gjere 3D-modellar av rør, forklarar han engasjert.

Oppdraga har allereie meldt seg for bedrifta, noko Lars Ivar håpar vil halde fram, fordi …

– Tøffe tider

Sjølv om optimismen utvilsamt rår i bedrifta, legg ikkje Moldskred skjul på at dei er inne i ei tøff tid. Etter eit ubetalt oppdrag i fjor gjekk dei nemleg på eit økonomisk tap på 500.000 kroner, eit tap som endå heng over dei. Også den fyrste månaden i år var spesielt tung.

– Vi har lagt bak oss eit vanskeleg år, og det vil framleis vere tøffe tider i vente, men vi meiner at her er rom for nysatsing i bedrifta også. Såleis håpar vi dei nye investeringane vil løne seg etter kvart. Med den nye kranbilen vil vi vere relativt åleine med den kapasiteten han har. Samtidig vil den nye kamerabilen vere eit viktig tilskot i bedrifta. Det er i alle fall det vi håpar, seier Moldskred.

Lokalutsmykking

Avslutningsvis kan ein også nemne at dei nye bilane, bedriftstradisjonen tru, er utsmykka med motiv frå dei lokale fotografane Kristoffer Nærø Ytterland og Steffen Voldsund. Kranbilen er lakkert av kunstnaren Terje Aspmo med Runde fyr (Ytterland) og statuen «sjøsprøyt» i Ulsteinvik (Voldsund). Ytterland sitt surfebilde ved Rundebrua er valt som motiv for kamerabilen.