Saka omhandlar tiltakshavar Eldar Lillerovde på Bergshaugen sitt ønskje om å omregulere eigedomen frå frittståande busetnad med småhus til konsentrert busetnad og oppføring av firemannsbustadar.

Tiltaket har møtt fleire klager frå naboane, som i hovudsak er uroa for trafikktrykkleiken i området. Naboane meiner omreguleringa vil føre til at trafikken aukar med mellom 16 og 32 bilar i staden for seks, som dei meiner ville vore tilfelle om det blei ført opp einebustadar.

– Det ville vere trist for utviklinga i framtida om vi no seier at området ikkje toler meir utvikling i trafikken. Eg er usikker på om alle som har skreve under her blir så veldig råka av trafikken. Anbefaler formannskapet å gå for denne løysinga, meinte ordførar Goksøyr (H).

– Eg er framleis mot med tanke på trafikken. Ikkje at det blir for mykje trafikk, men at det blir for farleg trafikk, sa Jens Terje Johnsen (Ap).

Fleirtalet i formannskapet gjekk til slutt inn for å godkjenne slutthandsaminga, mot Ap sine tre røyster.