For nokre veker sidan skreiv Vestlandsnytt om dagleg leiar Marcelina Beata Mrozowics ved restauranten My Best Chicken, som «klamra seg fast» i Fosnavåg. Mellom anna leita ho etter investorar eller ein potensiell partnar som kunne hjelpe henne ut av den økonomiske knipa. Førebels har ingen meldt seg, og no er det etter alt å døme over og ut for bedrifta.

– Eg skuldar banken 600.000 kroner, men eg greier ikkje å betale avdraga, seier Marcelina.

Årsaka til den høge gjelda er hovudsakeleg utfordringane restauranten fekk berre to månadar etter opninga, då ventilasjonsanlegget streika og folk slutta å kome inn i lokalet på grunn av kraftig frityrlukt. Problemet vart utbetra, men kostnaden for å få inn eit nytt ventilasjonsanlegg var høg og ikkje mange nok gjestar kom tilbake.

– Det gjekk eit par månadar utan at eg fekk betalt avdraga på låna, og sidan eg betalte på kreditt, vaks gjelda fort, forklarar Marcelina.

– Overlever viss gjelda forsvinn

Gjelda kom ikkje berre av utfordringar knytt til restaurantdrifta men også av private utgifter som bil, husleige og barnehage.

– Eg har forsøkt å få barnehagestøtte frå Nav og Herøy kommune, men dei treng mange opplysningar om bedrifta mi. Eg synest papirarbeidet, som står på norsk, er vanskeleg, seier restauranteigaren, som er åleineforsørgar for tre små barn.

Dersom Marcelina hadde blitt kvitt gjelda, skulle ho nok ha greidd å halde liv i restauranten, trur ho.

– Eg har ikkje så mykje utgifter på drifta lenger.

– Kva gjer du viss ingen hjelper deg og du går konkurs no?

– Då må eg selje alt eg eig og prøve å finne meg ein «normal» jobb, slik at eg får betalt ned gjelda på eit eller anna vis.

– Nydeleg mat

Medan vi sit og snakkar, kjem Helen Espeseth inn i restauranten.

– Her er verdas beste mat faktisk, og det er så kjekt å springe hit og ta seg lunsj, utbryt ho.

Det viser seg at Helen, som driv nabobutikken, Style by Helen, er stamgjest hos Marcelina.

– Her er nydeleg mat, billeg, super service, Marcelina leverer på døra, og her er ingen matlukt lenger. Det er veldig trist visst restauranten forsvinn, seier ho.

Har oppretta spleis-aksjon

Ein ikkje-namngitt person, som er kjend med tilhøvet, har oppretta ein spleis-aksjon som samlar inn pengar for å redde restauranttilbodet.