Med på turen var to lag av roarar. Det eine var sett saman av gamlekarar, og det andre av yngre mannfolk. Desse rodde Kvalsundskipet kvar sin tørn der folk hadde samla seg og ville sjå båten. Elles vart Kvalsundskipet teke på slep av «Teigenes». For Terje Teige, som i heile sitt liv hadde vore oppteken av båt og hav, måtte det ha vore ei god og fin oppleving å sjå den vakre linjeføringa på Kvalsundskipet. Då dei runda Bøneset på Leinøya og møtte stiv nordaustkuling, synte Kvalsundskipet seg som ein sjøbåt av rang.

I 1920 vart restane etter det store og det vesle Kvalsundskipet funne i ei myr på Kvalsund, ikkje langt frå barndomsheimen til Terje Teige. Syskena Olga og Ragnvald Kvalsund heldt på å spade torv då dei kom over nokre gamle trerestar som dei trudde kunne skrive seg frå ein båt. Dei forstod at dette var noko spesielt, og at det kunne ha historisk verdi. Dei varsla far sin, Johannes J. Kvalsund, og han tok straks kontakt med Bergens Museum. Det tok ikkje lang tid før fagfolk frå museet var på plass for å starte på utgravingsarbeidet. Frå 2. juli og i nøyaktig tre veker framover vart så Kvalsundskipet og «den lille båt», som det heiter i rapporten, gravne fram av professor Haakon Shetelig og medhjelparar, somme av dei var herøyværingar. Dei to båtane skriv seg frå kring 700 e.Kr. og er derfor bygde av folk som levde før vikingtida. Begge var sundbrotne og låg tilfeldig omrota i myra. Men mòlane vart nøye studerte og sette saman, slik at kopiar kunne byggjast.

Det var ikkje spor etter gravlegging av éin eller fleire personar saman med skipa, slik som i båtgraver. I dei mest kjende båtgravene frå vikingtida, Gokstadskipet og Osebergskipet, var båtane fine og heile – særleg Gokstadskipet, men gravkammeret var røva. Her ser ein tydeleg skiljet mellom skipsoffer og båtgrav. Kva for gud dei to Kvalsundskipa vart ofra til, veit vi ikkje. Det at båtane var sundbrotne utan at det vart brukt kvass reiskap, fortel at det var eit takkoffer.

Tanken om å få bygd ein kopi av det store Kvalsundskipet i full storleik vart teken opp i Herøy sogelag allereie i 1951, og det vart samla inn pengar til dette føremålet. Det kom ikkje vidare då. I 1972 vart Hallvard Leinebø formann i sogelaget. Han tok seg særleg av denne saka, og no gjekk det fort. Alt i mai 1973 stod Kvalsundskipet ferdig. Det var stor folkefest i Bjørkedalen då det nybygde skipet vart frakta ut av båtskotet til båtbyggjar Sigurd Bjørkedal og sjøsett.

Kvalsundskipet vart utstilt på Herøymessa som vart arrangert for fyrste gong i juni 1973. Hovudattraksjonen var utan tvil denne nybygde kopien, som stod inne på sjølve messeområdet i parken i Fosnavåg. Herøymessa var ei stormønstring av både næringslivet og kulturlivet i Herøy. Heile 25 000 personar vitja messeområdet i parken dei åtte dagane messa varte. Mange viste stor interesse for Kvalsundskipet.

I 1975 fekk Herøy sogelag bygd ein kopi av det vesle Kvalsundskipet. Denne, som også vart bygd av Sigurd Bjørkedal, fekk sin base ved Herøy kystmuseum. Det store Kvalsundskipet vart plassert ved Sunnmøre museum i Ålesund.

Kong Olav hadde sett kopien av det store Kvalsundskipet då han hausten 1973 var på eit stemne på Sunnmøre museum. Før kongen skulle opne Herøybrua, i september 1976, hadde han gjeve uttrykk for at han gjerne ville sjå funnstaden til dei to Kvalsundskipa. Eit kort besøk vart lagt inn som ein del av programmet. Den båtinteresserte kongen syntest heilt sikkert at dette var ei fin avslutning på Herøy-besøket.