– Vi reknar med å starte no utover våren, men kor lenge det vil ta, vil kome heilt an på kor spreke folk er, forklarar Trygve Gaustad.

Saman med resten av trimgruppa er dei no snart klare for å sette i gang med det som kjem til å bli ein stordugnad aldeles. Målet er enkelt definert. Alle turstiane mellom Drageskaret og Laupsnipa skal få seg ei skikkeleg oppfrisking.

– Vi jobbar no med å gjere klar heile 1300 oppmerkingspinnar. Alle dei skal plasserast langs traseane etter standaren som turistforeininga opererer etter. Her vil vi trenge hjelp frå alle turentusiastar. Alle som går i området i tida framover vil etter kvart få moglegheit til å ta med seg pinnar dei kan legge frå seg langs rutene. Nokon med kurs i merking vil deretter gå over å plassere dei korrekt, held Gaustad fram.

Pinnane og arbeidet er delvis finansiert av idrettslaget sjølv, men også med god hjelp av lokale sponsorar. Også folk flest har fått vere med å finansiere traseoppfriskinga. Dei som deltok under Sandemessa i fjor vil nok hugse at folk kunne kjøpe seg pinnar der dei fekk skrive namna sine på ved standen til Larsnes IL. Vel, no veit de kvar pengane har gått med, og kvar de etter kvart vil finne at pinnane de betalte for.

Vedlikehald

I tillegg til merkinga vil også dugnaden gå ut på å halde råsene ved like, som til dømes klipping av greiner og legging av heller der det er vått.

– Men nokre store inngrep i naturen vert det altså ikkje, presiserer Gaustad, som elles håpar at grunneigarar i området tek kontakt om dei skulle lure på noko, eller ser tidlegare informasjon frå kommunen.

Sikteplatene skal på plass

Som våre lesarar sikkert hugsar, delte Sparebanken Møre ut store jubileumsgåver i sine vertskommunar i høve sitt 175-årsjubileum. I Sande gjekk pengesummen på 175.000 kroner til trimgruppene i idrettslaga i Sande. Dei er no brukt til innkjøp av fem sikteplater på lokale fjelltoppar: Nonshornet på Kvamsøya, Rinden på Sandsøya, Veten på Larsnes, Storetua i Gursken og Hidsegga i Gjerdsvika. Gaustad seier at også sikteplatene i tur og orden vil kome på plass etter kvart.