– Vi veit at lokale innkjøp vil krevje meir kompetanse, og det er utfordrande. Men det er greitt at vi gir det litt tid, slik at vi får sjå effekten av det vi vedtek. Innbyggarane i Herøy vil nok støtte denne løysinga.

Slik summerte ordførar Arnulf Goksøyr (H) opp diskusjonen i forkant av formannskapets vedtak under tysdagens formannskapsmøte. Diskusjonen enda opp i at Goksøyr lanserte eit forslag til vedtak, som til slutt blei omtala som eit fellesframlegg frå formannskapet.

Forslaget blei samrøystes vedteke, og gir eit tydleg signal om at Herøy kommune ikkje skal tiltre rammeavtalen for skulebøker. Herøy kommune vil i staden gjennomføre ein eigen konkurranse for skulebøker og læremateriell for skuleåret 2019–2020. Vidare vil Herøy kommune også vurdere å køyre eigne lokale konkurransar der det er hensiktsmessig.

Rådmannen si tilråding om at Herøy kommune tek mål av seg å gjennomføre lokal leverandørdialog, samt sikre god tilgang på naudsynt informasjon om kommunale innkjøp via kommunen sine eigne nettsider i løpet av 2019, fekk derimot full støtte av formannskapet.

Det er kommunestyret som skal gjere endeleg vedtak når saka kjem opp torsdag 21. mars.

Gjelseth var irritert

Svein Gjelseth (Ap) var svært skuffa over korleis administrasjonen har handtert denne saka.

– Vi gjorde eit vedtak i formannskapet i november om at vi vil handle lokalt. Svaret vi får er ei 12 siders utgreiing på at no må vi passe oss. Eg trur ikkje det er nokon rundt dette bordet som vil at vi skal trakke feil, for vi må halde oss til regelverket. Men eg hadde venta at når formannskapet leverer ei så klar bestilling, så skal vi få vite korleis vi skal gå fram, ikkje kva vi skal passe oss for, sa han.

Rådmann Olaus-Jon Kopperstad forsvarte seg sjølv og administrasjonen med at «vedtaket» til Gjelseth berre var ei tilråding frå formannskapet til kommunestyret, og viste også til at kommunestyret valde å utsetje saka då ho var oppe til behandling i desember.

– Sjå til Øvre Eiker

Gjelseth var derimot klar på at administrasjonen her hadde gjort ein dårleg jobb, mellom anna i kommunikasjonen med Øvre Eiker kommune, som blir omtala som ein kommune som har lykkast med lokale innkjøpsavtalar.

– Eg tok meg også fridomen til å snakke med Øvre Eiker kommune. Der har dei ein rådmann som ivrar for lokale innkjøp, og dei har også ein kommunalsjef som ivrar for det. Eg er forundra over at vi ikkje ser moglegheitene, og at vi ikkje kallar inn dei som har erfaring med dette. Vi burde invitert nokre frå Øvre Eiker opp hit, så kunne dei fortalt om positive konsekvensar. Eg trur vi legg for stor vekt på at vi må halde oss under grensene. Samtidig er eg skuffa over at dialogmøtet ikkje fann stad for lenge sidan, sa Gjelseth.

Ordførar Goksøyr ante at kritikken no var i ferd med å tilspisse seg, og såg seg nøydt til å gripe inn.

– No anar eg at skytesidene skal leitast fram, og vi skal fortelje kvarandre kor dårleg vi arbeidar. Det er ikkje nødvendig, meinte ordføraren.

– Vi vil ikkje i fengsel

Leiv Aarflot (Ap) meinte at det ikkje er nokon tvil om at alle rundt bordet vil nytte lokale leverandørar, men innanfor grensene.

– Vi vil støtte lokalt næringsliv, men det er komplisert og ikkje ein mindre vanskeleg sak enn andre. Vi vil ikkje bli sendt i fengsel eller måtte betale bøter. Men kor langt kan vi gå? Det må vi vite, meinte Aarflot.