– Då eg var lita, lo folk og sa: «Du er no ikkje frå Sunnmøre, du». Men eg har alltid følt det slik, så det var det eg sa. Hjartet mitt er på Sunnmøre, seier Rakel Frøystad Landén (26).

Det er Herøy ho stammar frå, både på mor- og farssida, og det er i genane kreativiteten og lidenskapen for kle har ligge lagra.

– Mormor, Gerd Ingebrigtsen på Leinane, var ei veldig kreativ dame som alltid sydde kle til mamma og tantene mine då dei var små. Eg har høyrt masse om det, og eg har sett ein del av det ho laga. Mamma arva talentet frå mor si, og ho har sitte masse heime og inspirert meg, fortel Rakel.

Sjølv vart ho fødd i Sverige, men flytta til Tønsberg med foreldra, Laila og Sveinung Frøystad, då ho var lita, der ho budde fram til ho flytta til Oslo for å studere. Likevel snakkar 26-åringen tilnærma rein herøydialekt.

– Foreldra mine er frå Herøy og eg har heile familien min der. Eg har masse gode minne frå alle feriane der, og eg grein kar gong vi skulle heim. Kanskje det er difor eg føler at eg er frå Sunnmøre, seier ho.

Følgjer draumen

For om lag tre veker sidan lanserte Rakel det nye norske klesmerke «Safran Fashion». Det skjedde under eitt år etter at Rakel vart ferdig utdanna kroppsøvingslærar. Studiane var heile tida meint som ein «backup».

– Eg har alltid interessert meg for fashion, kle og det å vere kreativ med form og farge. Samtidig syntest eg det var gøy å halde på med sport og dans, og læraryrket verka spennande. Eg var usikker på om eg skulle ta ei utdanning eller om eg skulle satse på draumen, seier Rakel.

Fornufta sigra, men Rakel gløymde ikkje draumen.

– Eg bestemte meg for å gå for den. Medan eg utdanna meg til å bli lærar, tenkte eg mykje på kva merket mitt skulle heite og kva for kle eg ville lage, fortel ho.

Eit raskt overblikk på nettsida hennar, viser lette, fargerike og «blomstrande» kle. Plagga har mellom anna fått namn som «Forglemmegei Kimono», «Stemorsblom kjole», «Solsikke sommerkjole» og «Rødkløver kjole».

– Eg har alltid elska blomar. Dei inspirerer meg med sine fargar og samansetningar av ulike nyansar. Difor var litt gøy å døype kleda mine med blomsternamn, seier Rakel, som også gjekk blomsterdekoratørlinja på vidaregåande.

– Handlaga med hjartet

På nettsida si marknadsfører kledesignaren mellom anna produkta sine med at dei er handlaga frå hjartet: «Vi fokuserer på «slow fashion». Alle klærne er laget for hånd, med masse kjærlighet, i små kolleksjoner og med en langsiktig tanke bak hvert design. Safran fashion kommer ikke med nye kolleksjoner stadig vekk. I motsetning til «fast fashion», der det handler om at produksjonen ruller unna med mange kolleksjoner i året, bruk og kast, maksimalt pressede priser og sultelønn til de ansatte. Vi har et ansvar for miljøet og fremtiden!»

I fjor sommar tok Rakel med seg mora si på ei 2,5 månadar lang reise til Vietnam og Indonesia for å besøke ulike fabrikkar det var aktuelt å jobbe med.

– Ein les no litt av kvart om utanlandske fabrikkar, som barnearbeid, dårlege arbeidsforhold og sulteløn til dei tilsette. Difor reiste vi ned for å prate med folka på dei ulike fabrikkane, sjå korleis dei hadde det og korleis dei jobba, forklarer Rakel.

Små kolleksjonar

Ein ting er sikkert: Viss du eig eit Safran Fashion-plagg, skal det godt gjerast å finne nokon som har et likt.

– Eg startar i det små, med i gjennomsnitt to-tre plagg i kvar storleik. Såleis blir kleda veldig unike. Safran Fashion skal vere litt eksklusivt, seier designaren.

Førebels finn vi bere sommarkle på nettsida hennar.

– Eg vil prøve å lage ein haustkolleksjon også. Planen er å få ut to nye kolleksjonar i året, men vi får sjå kor vegen går.

God respons

Så langt har Rakel fått gode tilbakemeldingar på kleda sine.

– Eg har fått fleire bestillingar enn forventa. Det er ein god start, trur eg.