– Dette nominasjonsmøtet er kanskje det beste vi har hatt gjennom tidene, seier Camilla Storøy etter møtet som vart halde sist måndag.

Storøy vil seie seg strålande fornøgd med oppmøtet og den gode stemninga som rådde då Herøy KrF sette opp kandidatlista til haustens kommunestyreval.

Sjølv toppar Storøy lista og er partiet sin ordførarkandidat. Ho legg ikkje skjul på kva som er KrF sine ambisjonar ved det komande valet:

– Eg trur vi har mykje å bidra med i herøypolitikken i åra framover, og eg er utruleg glad for at har fått med oss ein så dyktig, stor og fin gjeng, seier ho.

Håper på auke

Optimismen er såleis ei vidareføring av stemninga som rådde då partiet hadde årsmøte og sa eit klart ja til at KrF framleis skal gjere seg gjeldande i herøypolitikken.

Spørsmålet om ein skulle stille liste vart lagt fram etter at det gamle styret hadde slite med å få folk til å ta på seg verv både i organisasjonen og som listekandidatar. No synest det å vere ei heilt anna stemning som rår i lokalpartiet.

– Med denne gjengen som no stiller opp håper vi på å kunne auke talet på representantar i kommunestyret.

Det seier Linn Therese Sævik som har stått i spissen for nominasjonsarbeidet i KrF denne gongen.

– Lista vår består av 34 dyktige, engasjerte og villige kandidatar, og det er stor spreiing både i yrke, alder og krinsvis representasjon, legg Sævik til.

Sævik gjer det klart at Kristeleg Folkeparti ønskjer å vere eit tydeleg parti for alle innbyggarane i Herøy.

– Vi skal vere engasjerte og jobbe for at det skal vere trygt og godt å bu i Herøy, lovar ho.

Desse stiller til val for Herøy KrF

1. Camilla Storøy (49), Bergsøy

2. Richard Gjerde (56), Tjørvåg

3. Birgitte Sævik Pedersen (54), Remøy

4. Aleksander Tarberg (33), Remøy

5. Anita Onen (41), Moltu

6. Fillip Frøystad (21), Tjørvåg

7. Runar Olsen (51), Bø

8. Bjørg Skogli Muren (56), Nerlandsøy

9. Kåre Hansen (42), Bergsøy

10. Geir Lande (44), Bergsøy

11. Ann Elin Myklebust (39), Bergsøy

12. Sally Buntu (54), Bergsøy

13. Bendik Hermansen (20), Frøystad

14. Karl Anders Brendmo (44), Nerlandsøy

15. Jonny Sævik Leikanger (40), Leinøy

16. Gerd Unni Rørvik (66), Runde

17. Evelina Nikolaev (50), Bergsøy

18. Øyvind Magnus Kopperstad (22), Nerlandsøy

19 Evy Helen Kvalsvik (50,) Bergsøy

20. Anton Elveseter (71), Bergsøy

21. Sarah Nærø Pettersen (21), Frøystad

22 Arild Warholm (44), Bergsøy

23. Odd Magne Kvalsund (54), Nerlandsøy

24. David Nerland Paulsen (34), Leinøy

25. Sollen Sundnes (78), Leinøy

26. Annfrid Aurvåg (80), Myrvåg

27. Marvin Kopperstad (44), Nerlandsøy

28. Edel Kvalsund Goksøyr (68), Nerlandsøy

29. Tanja Rafteseth (50), Bergsøy

30. John Berg Nerem (73), Bergsøy

31. Linn Therese Sævik (30), Leinøy

32. Frank Robert Stenersen (43), Bergsøy

33. Frank Otto Kvalsvik (36), Bergsøy

34. Lisa Leinebø Pinheiro (34), Leinøy

35. Per Sævik (78), Leinøy