– Reaksjonane som har kome inn under høyringa fortel at forenkling er bra, men samstundes er det sterk motstand mot konsekvensane. Dette vil få negative konsekvensar for bedrifter og pendlarar. Personleg er eg mellom dei som er sksptiske til brikkebetaling, seier Sørheim til Vestlandsnytt.

Ei innføring av Autopass-brikke ville ha gitt endringar i betalingssystemet og takstane på ferjene. Kort oppsummert vil innføring av Autopass-brikke føre til at alle samband går opp to takstsoner, medan passasjerar i bilane og andre som reiser «til fots», får reise gratis.

Det er viktig å halde oversikt over omgrepa som gjeld i denne saka. Autopass-brikke kan altså bli skrota som betalingsordning. Men:

– Omlegginga frå dagens verdikort til betaling med Autopass-kort er i full gang. I praksis vil betaling med Autopass-kort skje med dei same rabattane som i dag, berre med eit anna kort, påpeikar Sørheim.

Hake: Veldig dyre kort

Ho meiner ein liten hake ved systemet er at påfylingssummen med Autopass-brikke er langt høgare enn med verdikort. 3.500 kroner kostar det å fylle opp eit Autopass-kort.

– Den saka prøvde vi hos høgare instansar, men Vegdirektoratet gav klar tilbakemelding om at summen er 3.500 kroner, seier Sørheim.

– Kva med dei som kjøper seg personkort? Må dei også bruke kort til 3.500 kroner?

– Den ordninga kjenner eg ikkje til, så det veit eg rett og slett ikkje, seier leiaren i samferdselsutvalet.

– Tverrpolitisk skepsis

Samferdselsutvalet i Møre og Romsdal har i fleire omgangar drøfta den komande innføringa av Autopass-kort og eventuelt også Autopass-brikke.

– Slik eg loddar stemninga mellom fylkespolitikarane, er det tverrpolitisk semje om at det vil vere feil å innføre ei ordning med Autopass-brikke frå komande årsskifte, seier Sørheim til Vestlandsnytt.

Ho kjenner også til at det siste dagane har vore skikkeleg rabalder i Hordaland, med same problemstllinga.

– Ting tyder på at Hordaland fylkeskommune held på å snu, slik det heller ikkje der blir ei brikkebetaling på fylkesvegferjene, seier ho.

«Feil» i anbodsprosessen

Eit anna moment som tilseier at den varsla omlegginga kanskje var lite gjennomtenkt, er fylgjande:

– Vi har under arbeid med nye ferjeanbod lagt inn som premiss at betaling skal skje med brikke. Det inneber at reiarlaga førebur tilboda sine deretter, og kanskje med redusert bemanning i høve til om betalinga skal skje med kort, både for bilar og passasjerar. Så her blir det ein jobb å gjere inn mot anboda, seier leiaren i samferdselsutvalet.

Brikke: Opp to takstsoner

Ved betaling med brikke ville det bli slik at dei manglande inntektene frå dei som ikkje køyrer eigen bil, skal lempast leggjast over på bilistane. Det er årsaka til at alle sambanda skal opp to takstsoner.

Mange i Møre og Romsdal har allereie teke i bruk Autopass-ferjekort, i staden for verdikorta som skal fasast ut. Planen har deretter vore innføring av Autopass-brikke frå komande årsskifte 1. januar 2020.

Frå 1. april vert det heller ikkje høve til å fylle på verdikort eller personkort på ferjene. Verdikortet kan nyttast til og med utgangen av juni i år.Det inneber i neste omgang at passasjerar eller reisande til fots, anten må betale full pris eller kjøpe seg eit Autopass-ferjekort til 3.500 kroner.

Planen er at alle samband skal opp to takstsoner, slik at dei manglande innbetalingane frå «reisande som ikkje køyrer» skal finansiere opplegget.