Det er det statlege transportselskapet Strandfarskip Landsins på Færøyane som nyleg har bestilt ein 27 meter lang katamaran frå GS Marine i Gursken.

Kontrakten vart underteikna for nokre veker sidan, i slutten av februar. Arbeidet med båten tek til i starten av mai og skal ta eitt år. Det var nett.no som fyrst omtala saka.

Spesialbygd kai og båt

GS Marine opplyser at katamaranen skal lagast av karbonfiber og spesialbyggast for det stadig aukande behovet for passasjertransport på Færøyane. Den skal kunne frakte opp til 97 passasjerar og tre bilar, noko som på ingen måte er ei enkel oppgåve, då landingstilhøva på øyane og utpostane er krevjande.

Utfordringa meiner GS Marine derimot å ha løyst. Dei har nemleg designa ein modulbasert kailøysing som skal produserast gjennom eit samarbeid med selskapet Undertun Industrier. Løysinga står i kontrast til korleis GS Marine tidlegare har hatt utstyr for om bord og i landstiging integrert på sine passasjerbåtar. No vil dei altså ha landgangsløysinga stasjonert på stadane som er aktuelle å besøke. Katamaranen skal såleis utformast slik at baugen kan koplast på desse kaiene. Då vil berre akterenden vere i rørsle. Systemet skal etter planen kunne fungere i opp til 1,5 meter høge bølgjer.

– Dette er ei vidareutvikling av våre tilbod når det kjem til på og i landstiging. Fordelen med løysinga er at ein slepp stor infrastruktur på land, samstundes som ein frigjer plass på båten. Ved at kaia er modulbasert, vil ein også kunne flytte på den og demontere den om det er ønskjeleg. Dei kan også dimensjonerast alt etter kva kapasitet som trengst, forklarar dagleg leiar i GS Marine, Geir Flø, til Vestlandsnytt.

– Ein kan godt kalle det nybrotsarbeid, legg han til.

I tillegg til turisttransporten skal båten også kunne fungere som ei reserveløysing for ferjene som elles er opererte av det færøyiske transportselskapet.

Miljøvenleg

Eit anna viktig aspekt ved hurtigbåten er at han har eit batteri på 1,5 timar driftskapasitet. Det vil gjere båten i stand til å kunne ferdast utsleppsfritt i naturreservat.

– Også kailøysinga er miljøvenleg. Rampa får her straum gjennom integrerte solcellepanel, forklarar Flø, som også seier at miljøprofilen er eit svært viktig fortrinn for bedrifta.

Større potensial

Flø meiner dette er eit konsept som høver seg fleire standar enn berre på Færøyane. Passasjertransport-marknaden i Nord-Norge er mellom anna ein av satsingsområda til Gursken-selskapet. I skrivande stund er dei i full sving med å ferdigstille sine leveransar til Norled. Fyrste båten her vil vere leveringsklar innan dei neste vekene. Det er noko bak leveringsfristen, då det har dukka opp uventa hendingar med underleverandørar.