– Gevelt hevdar at eg har ein skjult strategi og driv eit taktisk spel for å få bli verande i Torvik, og for å overta omliggande areal. Det er heilt rett, men dette er ikkje ein skjult strategi, eg har vore heilt open og ærleg om dette. Eg har søkt Herøy kommune tre gongar om kjøp av omliggande grunn, dette er dokument ein kan finne i postlistene til Herøy kommune. Slik situasjonen har utvikla seg den siste tida er det ønsket sterkare enn nokon gong før.

Det seier Aasmund Torvik i ein kommentar til skuldinga som Nils Chr. Gevelt sette fram i tysdagens Vestlandsnytt. Skuldingar frå Gevelt og kompanjongen Svenn Torvik var det heller ikkje få av i Vestlandsnytt førre fredag. Då blei det mellom anna hevda at Aasmund Torvik no er ute etter å få betalt for ei rekke ulovlege handlingar han har utført på sin eigen eigedom, Vikane Eiendom.

Dette er saka

Bygget til Vikane Eiendom er etter definisjon i Herøy kommune sine papir ein lagerhall. Bygget ligg i utkanten av Torvik, i området Vikane. I bygget er det i dag Aasmund Torvik sitt eige båtbyggarfirma Lextor Marin AS som held til. Han kjøpte aksjane til Vikane Eiendom AS i mai 2015, då det melde seg eit akutt behov for ein produksjonshall for Lextor Marin. Før han var det Atle Storvik og hans selskap Astorplast som heldt til i bygget. Astorplast er no lokalisert på Mjølstaneset.

Tomta der bygget står er elles ein viktig del av planane som Nils Chr. Gevelt og Svenn Torvik i Nordic Resort har. Dei har i 13 år hatt planar om å etablere eit resortanlegg i Torvika, kalla Torvik Resort.

Historia byrjar sommaren 2006 då Svenn Torvik tek kontakt med grunneigarane i det aktuelle området. Han orienterer då om planane sine. Planane er elles 100 % avhengige av samarbeidsvilje frå alle involverte naboar. Det blir inngått ein intensjonsavtale med alle partane, som seinare blir fornya i 2009.

– For Vikane Eiendom sin del blei første kontrakt signert 19. januar 2007. Det var då avtalt pris og alt det praktiske rundt eit makebytte, det var ingen tvil om kva som var inkludert, og kva det skulle koste. Det vart gjort avtale med kommunen om ei erstatningstomt på Mjølstaneset. Faktisk vil eg seie at Vikane Eiendom har hatt ei klam hand over seg heilt sidan den dagen, seier Aasmund Torvik.

Han var på denne tida involvert i saka gjennom at han var med på forhandlingane i forbindelse med ein eigedom som faren eigde, som var lokalisert i dette området.

– Eg har med andre ord vore involvert i denne saka heile vegen, kommenterer Aasmund.

Atle Storvik var ein av eigarane av bygget på denne tida. Storvik, saman med tre andre selskap, kjøpte bygget i 2004, etter at lagerhallen fram til då hadde vore nytta som trelastlager, og butikkutsal sidan opninga i 1994.

– I 2006 kjem Nordic Resort med tilbod om makebyte på Mjølstaneset. I 2009 blir ein oppfølgingsavtale skriven i forbindelse med godkjenning av reguleringsplanen for Torvik Resort. Der står det at det skal byggast ein industribygging på Mjølstaneset så fort det finansielle er på plass. Denne skal ha same innhald og fasilitetar som bygninga i Torvik, fortel Aasmund og viser til signerte dokument.

2014: Nordic Resort takkar nei til kjøp

I 2014 er dåverande eigarar klar for å selje Vikane Eiendom AS i Torvik.

– Nordic Resort får då tilbod om å kjøpe eigedomen, men dei takkar nei. Situasjonen deira er for uviss. Samtidig har eg behov for ein produksjonshall, og melder interesse for Vikane Eiendom. Eg ringer til Nils Chr. Gevelt og fortel om planane mine. Han gir tilbakemelding om at dette ikkje er noko problem. Så eg kjøper aksjane i Vikane Eiendom AS i mai 2015, seier Aasmund.

I perioden frå 2009 får Nordic Resort utsett fristen for byggestart fleire gongar. Den siste kom i 2017, men den var på ingen måte gitt. Herøy formannskap var i sterk tvil då dei til slutt gjekk inn for å gi Nordic Resort ein siste sjanse. Endeleg frist for byggestart er sett til 16. juli 2019.

Tilbakeviser at han har gjort store oppgraderingar

Aasmund Torvik reagerer no sterkt på at Gevelt og Svenn Torvik skuldar han for å ha gjort kriminelle handlingar på hans eigen eigedom. Faktisk seier han seg uskuldig.

– Heilt frå opninga av har det vore kontor- og toalett-fasilitetar i eine enden av bygget. Etter at Astorplast med fleire tok over, fekk huset ei innvendig oppgradering av kontor, golvbelegg og ventilasjonsanlegg. Kloakkanlegget som av Gevelt og Svenn Torvik blir framstilt som ikkje godkjent, har vore godkjent heilt sidan 1994. Det står i dokumentet; kloakk via slamavskiller og vidare med rør til sjø er godkjent. I det same dokumentet står det at vegen til tomta er godkjent, seier den noverande eigaren.

Aasmund Torvik hevdar at han berre har gjort ei lita endring på bygget, og at den hadde kommunens velsigning.

– Om lag eit halvt år etter at eg kjøpte bygget kontakta eg teknisk etat i Herøy kommune. Eg ville vite om eg skulle byggemelde skifting av fasadeplater. Tilbakemeldinga var at dette ikkje blir sett på som ei fasadeendring, og at eg fritt kunne skifte dei, fortel Aasmund.

Vurderte reguleringsendring

Aasmund Torvik seier vidare at han har vurdert å melde reguleringsendring, då omgrepet «lagerhall» ikkje framstår som heilt riktig.

– Både eg og tidlegare eigar har vurdert å få omgjort bygget til ein monteringshall/monteringsverkstad. Men det går berre ved å gjere ei reguleringsendring, noko vi av Herøy kommune har blitt oppfordra til å ikkje gjere, hevdar Aasmund Torvik.

Han viser til at det aldri har vore diskutert nokon driftsklausul for eigedomen, og heller aldri har vore noko hemmelegheit at både Lextor Marin AS og tidlegare eigarar har drive industri i lokala.

– Likevel meiner Gevelt at vi driv ulovleg. Uansett har det regulerte bruksformålet som eigedomen har i dag blitt påført av Gevelt & co. Kanskje blir vi no pressa til å starte prosessen med ei reguleringsendring? Det kan vi godt gjere. Men heilt ærleg meiner eg at det berre er tøv. Gevelt, som driv med utvikling av eigedom til dagleg, veit inderleg vel korleis dette fungerer, seier Aasmund.

Takstmannen

Ei av skuldingane til Gevelt går på at då han sende ein takstmann til eigedomen i fjor vår, blei han nekta å kome inn på eigedomen av Aasmund Torvik.

– Eg fekk ein mail frå Gevelt om å ta imot ein takstmann. Dette var ikkje i fjor vår, men 8. juli 2018. Vi hadde på denne tida tatt ferie. Gevelt hevda då at takst var eit krav frå kommunen for å kome vidare i salsprosessen. Eg hadde ikkje moglegheit i fellesferien då eg var på reise, og var heller ikkje interessert i at Gevelt skulle få sende ein takstmann for å vurdere ein eigedom eg eig, seier Aasmund.

Han viser til at prisen er indikert utifrå avtalen som blei inngått i 2007.

Tomta på Leikong

Denne veka overtok Nordic Resort eigarskapen til den tidlegare Furene-eigedomen på Leikong. Frå Nordic Resort blir det gjort klart at denne tomta er tiltenkt Aasmund Torvik, og at dei vil gjere eit reint makebyte.

– Det er heilt uaktuelt å flytte til Leikong. Det er sikkert ein bra eigedom, men han kan ikkje nyttast til båtproduksjon. Det er rett at eg har vurdert eigedomen som interessant, men etter at eg var på visning der 7. februar, bestemte eg at eigedomen ikkje var eigna til vårt behov. Dette gav eg også klar beskjed om til Gevelt, og sa at han ikkje måtte kjøpe eigedomen med tanke på oss, fortel Aasmund.

– Blitt tatt imot med opne armar

Heller ikkje Herøy kommune har sloppe unna kritikk frå Gevelt og Svenn Torvik. Mellom anna hevdar Gevelt at Herøy kommune vernar om Aasmund Torvik sine kriminelle handlingar.

– Dette bør han snarast unnskylde ovanfor både Herøy kommune og meg. Dei har blitt tatt imot med opne armar, og fått utsetting etter utsetting på byggefristen. I snart 13 år har dei fått bandlegge 40.000 kvadratmeter med verdifullt tomteareal. Kvar i all verda får du slik fantastisk service, Gevelt? Til no har dette prosjektet vore ei belastning for både naboar og kommune, meiner Aasmund.

– Verkar som Nordic Resort har skifta forhandlingsstil

Aasmund Torvik trur Nordic Resort no har lagt om på strategien.

– For meg verkar det som Nils Chr. Gevelt og Svenn Torvik no har skifta forhandlingsstil. Eg meiner dette er ein lite forretningsmessig måte å føre forhandlingar på. Dersom dei har ei så dårleg sak at det må produserast løgner og injurierande påstandar mot meg, bør dei snarast finne andre ting å fylle dagane sine med, avsluttar Aasmund Torvik, før han kjem med ein siste kommentar.

– Eg kan dokumentere at alt eg har gjort er lovleg.