Det er stoda etter at bedrifta har fått varsel om at avtalen om leigeproduksjon er oppsagd av Norgesgruppen-selskapet Unil. Dei tilsette vart tysdag varsla om krisa på eit allmannamøte.

– Vi arbeider det vi kan for å finne ei løysing, men det er ein veldig utfordrande situasjon. Det seier dagleg leiar Jan Brevik i Gjerdsvika-bedrifta til Vestlandsnytt.

Lyn frå klar himmel

Bakgrunnen er at Unil (Norgesgruppen) ikkje lenger kjem til å kjøpe fiskemat frå bedrifta. Det er bedrifta sin klart største og viktigaste kunde.

Jan Brevik seier beskjeden om at fiskematbedrifta i Gjerdsvika ikkje lenger får levere til Unil, kom nærast som lyn frå klar himmel.

– Det er alltid ein ekstra risiko knytt til det å ha ein relativt stor enkeltkunde, som i tilfellet med Unil. Men det at dei etter mange års samarbeid brått skulle bestemme seg for å ha andre leverandørar enn Maritim Food, kom veldig overraskande, seier han.

Brevik erkjenner at oppseiinga av avtalen må reknast som eit alvorleg skot for baugen for bedrifta i Gjerdsvika. Men det er på langt nær slik at bedrifta no «kastar korta».

– Vi har sjølvsagt gripe tak i dette umiddelbart, og må no ut i marknaden for å finne ut om vi kan kapre nye kundar. Men i segmentet fiskemat er det ikkje enkelt. Det som kan skje, er at vi vert sitjande att berre med hermetikkproduksjonen, seier Brevik, og legg til:

– Det inneber i tilfelle at vi må redusere drifta ned til 40 prosent av dagens nivå.

Bedrifta i Gjerdsvika var inne i tøffe økonomiske tider for nokre år tilbake, og etter det Vestladsnytt skjønar var det like før dei måtte gje opp.

– Men fire siste åra har vi drive med overskot, og i alle ledd har det vore begeistring over å ha fått skuta på rett kjøl. På same vi er vi stolte over alle dei førsteklasses produkta vi leverer, seier Brevik.

Tilsette vil kjempe

Bedrifta har samla sett rundt 40 tilsette. Tillitsvalt i NNN, Målfrid Levik, har 19 års fartstid bak seg i Gjerdsvika. Ho seier fylgjande om dei dramatiske nyheitene:

– Dette kom svært overraskande på oss tilsete. Vi kjem likevel til å kjempe saman med leiinga for arbeidsplassane, og målet må vere at det også i framtida vert bra med aktivitet her.