– Det er ikkje slik at vi på død og liv vil fjerne noko, og gangfeltet vil bli verande dersom det viser seg å vere ei god ordning, seier Elisabeth Mansfield ved plan- og trafikkseksjonen til Statens vegvesen i Ålesund.

Uoversiktleg og farleg

Mansfield fortel at dei tidlegare har fått mange signal om at det gamle gangfeltet på toppen av Skarabakken har vore uoversiktleg og farleg, og dermed ei dårleg løysing.

Dette var bakgrunnen for at Statens vegvesen begynte å sjå etter alternative løysingar som kunne vere tryggare, og landa på å erstatte gangfeltet med ein tilrettelagd kryssingsstad nærare kyrkja.

Nye signal

– No er det kome andre signal som tyder på at det er ønskje og behov for å behalde denne kryssingsstaden, seier Mansfield, og siktar mellom anna til uttalen som nyleg kom frå oppvekstavdelinga i Herøy kommune.

Her går det fram at det er mange skulebarn som kryssar vegen akkurat her, og at gangfeltet difor må behaldast.

– Det har med andre ord vore litt delte signal vi har fått frå kommunen. Difor vil vi vente og sjå, og vi kjem uansett ikkje til å gjere noko før anlegget er ferdig, seier Mansfield.

Noko som talar for å behalde gangfeltet, er at sikta på toppen har blitt betre etter at veglinja blei noko justert. Også det at det kjem gangveg på begge sider, vil skape ein ny situasjon.

Ikkje trafikksikring

Ifylgje Mansfield er det mange som ser på gangfelt som eit trafikksikringstiltak. Men slik er det ikkje.

– Eit gangfelt er eit framkomelegheitstiltak som blir etablert med bakgrunn i trafikktal og talet på kryssingar, understrekar ho.

Mange ulukker

Sjølv om det er dei køyrande som har ansvaret, viser ulukkesstatistikken at gangfelt ikkje er så trygge som mange trur. Faktisk ligg gangfelt heilt oppe på tredjeplass når det gjeld ulukkessituasjonar i trafikken.

– Gangfelt kan med andre ord gi falsk tryggleik, og difor er sikt eit så viktig stikkord når gangfelt skal plasserast, seier ho.

Mansfiled seier at når anlegget er ferdig, vil Statens vegvesen ta ein runde både med skulane og kommunen før kryssing i Skarabakken blir endeleg bestemt.