Til denne utgåva har vi fått god hjelp av Emilia Moen Karlsen (bildet), som har vore hos Vestlandsnytt på arbeidsveke. Kunne du også tenkje deg å prøve deg som journalist? Eller kanskje du likar å ta bilde, teikne eller å skrive dikt/noveller? Kanskje har du ei meining om noko, som du gjerne vil dele med mange? Uansett kva du likar eller brenn for, må du gjerne sende inn bidrag til oss. Hashtagar du Instagram-bilde med #vnyttung, er det gode sjansar for at dei kjem på trykk.

Elles vil vi gjerne ha tips til gode saker, sportsarrangement eller tema du engasjerer deg for.

Kontakt oss ved å sende e-post til ung@vestlandsnytt.no, eller finn oss på Facebook (Vestlandsnytt) eller Snapchat (@vnyttung).