Vaksne på bussen?

Berre når det er «gunstig» å ikkje vere myndig, vert vi frå 16 til 18 år rekna som «myndige», skriv 16-åringen Viola Andersson frå Gursken i denne vekas UNG-meining.

Forfattar: Viola Andersson (16) frå Gursken.  Foto: Privat

Nyhende

Ei av sakene som betyr mykje for meg er at ungdom over 16 år blir rekna som vaksne når dei reiser med kollektivtransport.

Vi kan ikkje køyre bil. Vi kan ikkje drikke alkohol eller sjå enkelte filmar på grunn av at vi ikkje er «vaksne nok», men likevel må vi betale vaksen pris på buss, ferje og hurtigbåt. Berre når det er «gunstig» å ikkje vere myndig, vert vi frå 16 til 18 år rekna som «myndige».

Dette er på ingen måte rettferdig! Vi kan sjølvsagt bruke FRAM Ung-kort, men for mange ville det ha kosta mindre å betale barnepris for dei ulike kollektivtilboda enn å betale full pris – 426 kroner i månaden – for eit FRAM ung-kort. Her må noko endrast.