Nytt tilbod frå Nordic Resort til Vikane Eigedom:

Tilbyr anlegg på Leikong

Nordic Resort har funne erstatningstomt på Leikong til Vikane Eigedom i Torvik.

LEIKONG: Med kjøpet av Furene-eigedomen på Leikong meiner Nordic Resort å ha funne eit godt alternativ for makebyte med Vikane Eigedom.   Foto: Endre Vorren

Nyhende

Torsdag skal Nordic Resort overta den tidlegare Furene-eigedomen på Leikong. Kjøpet er gjort med tanke på å kunne tilby makebyte med Vikane-eigedomen i Torvik, ein eigedom som er regulert for reiseliv i samband med Nordic Resort sine etableringsplanar.