Inviterer til open bursdagsfest i Gursken kyrkje:

Olav slår på stortromma

Olav Myklebust er ein av dei mest sentrale i Den norske kyrkja. Slik sett var det eit enkelt val å velje festlokale til sin eigen 50-årsdag.

Olav Myklebust: – Kyrkja har gitt meg mykje, og eg er svært kry av at skuleborna helsar på meg med «Kyrkje-Olav» når eg møter dei. Eg har vore med på mange ulike trusopplæringstiltak her, seier gurskingen som kjenner seg svært «heime» her i Gursken kyrkje.  Foto: Endre Vorren

Nyhende

Festen går nemleg av stabelen i Gursken kyrkje. Det skjer på sjølve dagen, fredag 16. mars.

«Gursken i 100 – Olav i 50» har jubilanten kalla samkomet.

Denne kvelden stiller nemleg eit stort utval av kulturkrefter i Gursken kyrkje. Alle gjer det på dugnad, og alle inntektene frå den uvanlege bursdagsfeiringa går til 100-årsjubilanten Gursken kyrkje.

– På eitt vis kunne det vere greitt å unngå å feire femti, men på den andre sida er det også eit unikt høve til å samle slekt og vener eg sjeldan ser, heiter det i invitasjonen.

Deltakarane

Ytre Gurskøen Ten Sing stiller. Det same gjer Sande Kantori og Vyrde mannskor. Olav har vore med i alle, og syng framleis i Vyrde.

Dessutan kjem Sigmund Aksnes og deklamerer dikt, Andre Leikanger skal synge, og det same skal Knut Sverre Nes gjere. Prost Ingeborg Matre held andakt, medan kantor Ines Vatne har lova å framføre ein mektig toccata frå orgelkrakken. Programleiar vert Sigmund Bjerkvik.

– Det varmar

– Eg er svært glad for alle dei positive tilbakemeldingane eg har fått frå kulturkreftene som deltek. Det varmar.

Det er ope for alle, og altså høve til å gje ei gåve til kyrkja. For ein komande femtiåring som har det han treng, og kan kjøpe seg noko om han ynskjer det, er den beste gåva mi å få gje noko til ei kyrkje som står meg nær, seier Olav.

Han er døypt og konfirmert i kyrkja. Olav har også arbeidd her både som klokkar og kyrkjetenar. Jubilanten og er glad for den store oppslutnaden dugnaden rundt rehabiliteringa av kyrkja har fått.

«Nachspiel» i kyrkjekjellaren

Olav Myklebust er valt inn i bispedømerådet og Kirkerådet for Open Folkekyrkje. Det går med mykje tid til arbeidet for Den Norske Kyrkja, der han har nådd heilt inn i dei inste sirklane; som medlem av kyrkja sitt arbeidsutval. Gurskingen arbeider til dagleg som lokalhistorikar.

Etter feiringa – eller konserten – blir det «nachspiel» i kyrkjekjellaren. Då i form av ein god gammaldags kyrkjekaffi.