– Eg saknar sjølvsagt vennane og familien min, men dette har vore ei stor oppleving, der alt er nytt.

Maria Sævik snakkar med oss på telefon frå Ålesund, der båten «Sæbjørn» har lege til kai i vel eit døgn før båten skal ut igjen. Ho har arbeidsveke, og er med faren sin på kolmulefiske i Nord-Atlanteren, 230 nautiske mil sørvest av Irland.

I år som alltid, blir 9. klasseelevar sende ut til ulike bedrifter for å bli meir kjende med korleis ein vaksen kvardag kjennast. Somme får også prøve seg på yrke dei kunne tenkje seg å jobbe med i framtida.

Maria Sævik er ei av dei som har eit klart bilete av kva for yrke ho vil satse på. Ho har ikkje berre vore éi, men to veker på sjø. Og meir kan det bli.

– Det er heilt greitt at «arbeidsveka» har vara så lenge, for eg har kost meg, seier ho.

Den nye kvardagen er både gøy og lærerik, og Maria er meir motivert til å få seg eit yrkesliv på sjø no enn nokon gong.

– Eg vil bli fiskar, og etter kvart skipper, slår ho fast.

Får utfordre seg

Om bord i båten får Maria prøve seg på fleire av dei same oppgåvene som mannskapet.

– Mellom anna fekk eg hjelpe til med å knyte på trålposen igjen, slik at han vart klar til ein tur på havet, fortel ho.

Det aller kjekkaste var elles å henge med mannskapet på dekk, synest ho. Maria fylgde nøye med då dei erfarne fiskarane utførte sine arbeidsoppgåver.

Men alt var ikkje berre fryd og fred.

– Eg vart sjøsjuk og spydde 3–4 gongar i løpet av dei første dagane.

Dei mindre fine augneblinkane stoppa likevel ikkje Maria si lyst til å jobbe på sjø, og ho greidde å halde motivasjonen oppe, fortel ho.

Interessa gror

Maria si interesse for sjølivet starta allereie då ho var ei lita jente. Faren, Eivind Sævik, som også er fotograf, viste ofte bilete og filmar frå då han hadde vore ute på sjø. I Maria sine auge såg det ut som noko ho kunne ha mora seg mykje med.

– Eg, Kamilla (syster) og mamma (Helen Espeseth) brukte også å bli med pappa når han og dei andre på båten skulle ut og losse, seier ho.

Forskjellige kvardagar

Faste rutinar på sjø er frukost, lunsj, middag og kvelds. Alt anna er uføreseieleg. Når dei som står på vakt og ser etter fisken fyrst oppdagar ein stor stim, så er alle raskt på beina. Då gjeld det å få på seg dressen og komme seg ut i ein fart. Båten legg seg bak fisken, før dei skyt ut trålen. Det å få fanga fisken og plassere han på sida til båten tek éin time eller to. Når det er gjort, fraktar dei fisken frå havet og inn i båten ved hjelp av ei pumpe.

– Når dette ikkje skjer, ligg båten berre og ventar på ny fangst. Dette er ein hard jobb der du må vere klar til å stå opp midt på natta for å fange neste pulje. Oppe i styrhuset er det alltid nokon på utkikk og nokon til å styre båten, forklarar Maria.

Det tek vanlegvis tre til fire dagar å komme seg til kolmulefisken, men Maria og dei andre vart utsette for stygt vêr og måtte dermed bruke fem dagar på reisa. Dei har no fiska internasjonalt og skal kanskje gå over til nasjonale felt. Fisken ligg sørvest for Irland, omtrent 2000 kilometer frå Ålesund. Levering av fangst kan skje på mange ulike stadar, som Danmark, Island, Irland, Egersund, Karmøy, Måløy eller Ålesund.

Det er ikkje tvil i at fiskaryrket krev at ein er effektiv, merksam og klar for å stå opp midt på natta. Jobben er nok hard, men også veldig kjekk for dei som er interesserte i fiske, slik som Maria Sævik.