Sjuarfotballen for menn er denne sesongen delt inn i to avdelingar. Dei fleste av våre lokale lag skal spele i avdeling 1, men sidan Bergsøy stiller med to lag, må eit av Bergsøy laga spele i avdeling 2.

I avdeling 1 finn vi Bergsøy 4, Moltustranda, Tjørvåg 2, Vanylven 2, Vanylven 2, Flø 2, Hjørungavåg og Haddal.

For Bergsøy 3 sin blir reiseavstandane litt større då dei skal møte Herd 3, Emblem 3, Rollon 2, Giske 2 og Stranda 2.

Felles for begge avdelingane er at serien vil bli spela som ein dobbel serie. Kampdag vil i hovudsak vere tysdag kveld i begge dei to avdelingane.

Førre sesong vann Bergsøy suverent, då dei vann alle sine tolv kampar. Dei var også det einaste laget med positiv målskilnad. Målskilnaden var på 151-47, altso heile 104 plussmål. Spanande å sjå korleis det går når Bergsøy no stiller med to lag.

Vi merkar oss elles at det ikkje er meldt på lag frå Herøy eller Sande i sjuarserien for kvinner, noko som betyr at Bergsøy i fjerdedivisjon for «fulle» lag blir det einaste damelaget frå vårt område denne sesongen.