Gutane var klare for å revansjere det sure tapet på bortebane mot tabelltoaren, og jammen fekk dei vist at dei kan kjempe!

Leia til pause

Det vart ein jamn og spennande match, og laget viste musklar i harde taklingar, fint samspel og flotte redningar. Gjestane gjekk til pause med eit måls leiing, men Bergsøykarane gav dei kamp til døra. Våre gutar viste nok ein gong at dei er heilt på høgde med dei beste laga i serien, og at ingen skal kome lett til poenga i Herøyhallen.

Kvar sine styrker

Theo Skorpen Berge stod som ei klippe i buret, og hadde fleire kvalifiserte redningar. Han fekk god hjelp frå John Olav Hide (2) som var overalt i forsvar, i godt selskap med Pål Sørdal (7), som har god målteft og også er veldig stødig bakover.

Villak Bjørlykke (3) beit ifrå seg både på deira og vår 6 meter, medan Simen Pettersen (3) hadde dagens finaste innspel til Villak.

I tillegg hadde vi med unge lovande Theodor Leine (1) samt Iver Pettersen (1) og Sevrin Kragset, som kriga på kvar sin ving, og Sondre Garvik (1) som er nådelaus når han kjem til avslutning.

Pete Suktamuk kom ikkje innpå i dag fordi Theo hadde Dagen. Arin Nørvåg er framleis skada.

Vart klappa av bana

Det var god stemning i hallen, og fanklubben klappa stolt gutane av bana trass firemåls tap 18–22. Kjempeinnsats og all grunn til å gle seg til sesongavslutninga 16. mars, borte mot Ørsta/Volda.