I helga reiste Herøy biljardklubb sine unge og lovande spelarar til Oslo der dei fekk ta del i junior NM. Det vart ei tøff helg med mykje aktivitet i tre forskjellige disiplin. Men dette stoppa ikkje dei lokale spelarane frå å vise seg fram på den nasjonale arenaen.

Medaljar til Hansen og Pettersen

I 17-årsklassa for gutar var det to karar som merka seg ut. Jonas Kvalsund Hansen fekk seg ein sterk sølvmedalje i disiplinen 10 ball. Han fekk også delt tredjeplass med lagkompisen Henrik Hauge Pettersen i 14.1-disiplinen.

Dobbel bronse for Victoria

I U19 jenteklassa markerte også klubben seg sterkt. Det sørga Victoria Hauge Pettersen for. Ho tok to bronsemedaljar i både 9-ball og 14.1.

I ein uttale til Vestlandsnytt, skriv biljardklubben:

– Herøy biljardklubb gratulerer våre juniorar med ei fantastisk helg i Oslo, og er veldig glad for å sjå våre unge talent blomstre i sporten vi er så glad i!