Barnevernet i Herøy kjem betre ut enn landssnitten på nesten alle område. Rådmannen finn det særleg positivt at kommunen skårar høgt på pålitlegheit. Det tek han som eit teikn på at grepa som har gjort har vore gode.

Her er resultatet for dei ulike problemstillingane, med landsgjennomsnitten i parentes, på ein skala frå 1-6: Tilgjengelegheit 5,6 (4,9), informasjon 5,4 (4,9), respektfull behandling 5,5 (5,1), pålitlegheit 5,7 (5,2), brukarmedverknad 4,8 (4,7), samarbeid 4,5 (4,7), resultat for brukarane 4,9 (4,7), heilheitsvurdering 5,1 (4,8).

Undersøkinga har vore avgrensa til foreldre/føresette til barn under 18 år.

Rådmannen meiner svarprosenten på 18 % er for låg til at han vil trekke større konklusjonar.

Mykje å hente på bustadsosialt og rus

Herøy kommune har eit forbetringspotensiale overfor brukarar innan bustadsosial teneste og rus. Det viser ei brukarundersøking der Herøy skårar dårlegare enn landsgjennomsnitten på alle område. Dårlegast kjem kommunen ut på «resultat for brukaren», der Herøy får 2,5 mot ein landssnitt på 3,5. Seks personar deltok i undersøkinga, noko som gir ein svarprosent på berre 18 %.