– Vi ønskjer ikkje at nye trafikkfarlege punkt skal oppstå, slår Britt Synnøve Torvik fast i eit skriv til Statens vegvesen.

Det er som fagleiar i oppvekstavdelinga Torvik klargjer kommunen sitt syn overfor vegvesenet når det gjeld å flytte det tiltenkte gangfeltet på toppen av Skarabakken. Vegvesenet vil at kryssingspunktet skal flyttast nærare kyrkja og etablerast som ein såkalla tilrettelagt kryssingsstad der bilane ikkje har vikeplikt.

Skabakken har blitt endra fordi den har vore ein flaskehals for både bilar og mjuke trafikantar. Slik sett meiner Torvik at flyttinga vil vere ei dårleg løysing som vil skape eit nytt farleg punkt på den sterkt trafikkerte vegen.

Også avdelingsleiar Ole Magne Rotevatn meiner det er ei dårleg løysing vegvesenet har kome med.

Klage på lysmaster

Ifylgje Statens vegvesen er avgjerda om flytting basert på ein klage som har kome på lysmastene ved dagens gangfelt.

Mange skulebarn

Torvik viser til at det er mange skulebarn som nyttar dagens kryssingspunkt på toppen av Skarabakken. Her er det relativt god oversikt i begge retningar, og merka med kvite striper som viser at bilane har vikeplikt for gåande.

Eit tilrettelagt kryssingspunkt nærare kyrkja vil ikkje vere like oversiktleg, meiner Torvik, som heller ikkje synest det er nokon god ide å legge ansvaret for kryssinga over på dei mjuke trafikantane.

Forslaget gjer oss bekymra for skulebarna som nyttar denne kryssinga, skriv Torvik til slutt.