– Dei fleste nummera er henta frå musikalen «The Greatest Showman», men der er også innslag frå mange andre kjende musikalar, som «Annie», «Mamma Mia», «Mary Poppins», «Lalaland» og «Oliver».

Det fortel dramalærar Melissa Nerland Paulsen og songlærar Birgitte Vik Wymer ved Herøy kulturskule. Dei er inne i siste innspurt saman med elevane sine før «The Greatest Show» går av stabelen på Fosnavåg konserthus laurdag 16. mars.

Opningsnummeret er songen «Good Morning Baltimore» frå musikalen «Hair Spray».

– Vi måtte sjølvsagt skifte tittelen til «Good Morning Fosnavåg», humrar Birgitte.

Prøver nye ting

Herøy kulturskule er kjend for sine årlege danseshow.

– Dei er vi stolte av. Men vi vil også prøve å halde ein vokal konsert der drama og musikkelevar samarbeider, seier Birgitte.

Har fått god støtte

Musikalen er støtta av Olympic kulturfond, som er avgjerande for at kulturskulen skal kunne nytte konserthuset.

– Det er heilt fantastisk at dei vil gi elevane sjansen til å opptre på ei så stor scene, så dei får vere stjerner for ein dag, seier Melissa takksam.

Om å tru på seg sjølv

Melissa er med å setje opp kulturskulemusikal for andre år på rad. I fjor hadde dramaelevar, songarar og dansarar gleda av å vise ei samanhengande forteljing om utfordringar som mobbing, drikkepress. Årets musikal blir annleis.

– Denne gongen vert det ikkje éi handling frå start til slutt, men der er eit gjennomgåande tema i songane. Det handlar om draumar og moglegheiter. Eit stort spørsmål er om vi i vesle Fosnavåg kan oppnå store ting. Det handlar om meistring og å tru på seg sjølv, forklarar Melissa.

Elevane i musikalen har stått på ei scene før på Herøy kulturhus, men konserthuset har både større sal, betre lyd og lyssettingar.

– Det er blir nok heilt fantastisk for dei å kjenne på den spenninga knytt til at vi får lov til å vere med på noko stort, forklarar Birgitte.

Deltakarane

Dei yngste songarane på scena denne kvelden har så vidt starta på kulturskulen, medan dei eldste sunge i mange år.

– Og dramaelevane skal vere programleiarar, seier Melissa.

Etter musikalen i fjor, hadde Melissa som mål å kunne presentere slike show kvar vår framover. Førebels går det heilt etter planen.

– Det vert iallfall ikkje siste gongen vi finn på noko slikt, konstaterer damene.