1. mars publiserte Vestlandsnytt eit oppslag der sentrale personar innan det lokale kulturlivet frykta for framtida for vaksne kor og korps i Herøy. Årsaka er at Herøy kommune fjernar siste rest av støtte til kjøp av dirigenttenester. Dette kuttet vil spare kommunen for om lag 240.000 kroner i året. Fire kor og eit korps (Herøy Janitsjar), som til no har kjøpt dirigenttenester gjennom Herøy kulturskule, vert råka, og må frå hausten av betale heile løna til dirigenten (ein auke på om lag 40 prosent) sjølve. Då vert årskontigentane til medlemene i laga så store at folk kjem til å slutte. Det vert byrjinga på slutten for korpsa og kora, trur Vestlandsnytt sine kjelder.

– Sterkt beklageleg

Vestlandsnytt tok kontakt med representantane i Herøy formannskap for å høyre kva dei meiner om saka.

– Det er alltid vanskeleg med innsparingar og ein skulle no ønske at ein kunne sleppe. Å kutte dirigentstøtta til dei vaksne var det tiltaket kommunalsjefen presenterte som ikkje ville gå utover barn og unge. Det vart også peika på at nærliggande kommunar ikkje har hatt praksis for å støtte vaksne lag, seier Tine Storøy (H).

Ho synest likevel at situasjonen er trist.

– Du vert no påverka når du les slike oppslag i Vestlandsnytt, og eg synest det er sterkt beklageleg at vi må gjere slike kutt. Men vi hadde faktisk ikkje noko val.

– Vi må ta upopulære avgjersler

Camilla Storøy (KrF) har dette å seie til saka:

– For det første synest eg det er veldig synd viss resultatet av denne innsparinga er at vi mister kora og Herøy Janitsjar, for det er klart at det er flott for Herøy at vi har dei. Men vi er nøydde til å gjere innsparingar. Der er mange ting vi har gjort vedtak om å kutte som ikkje er gode kutt. Avgjersla vart gjort på grunnlag av dei opplysningane vi fekk frå kommunalsjefen. Det var ingenting som tilsa at dette måtte vi for all del røyste imot. Vi må ta upopulære avgjersler heile tida.

Røysta imot

Då forslaga til innsparingar vart lagde fram av dei ulike kommunalsjefane, røysta Herøy AP imot «den store innsparinga» og fremma eit eige forslag til budsjett med betydeleg mindre innsparingar.

Per Kristian Furø (Ap) svarar på vegner av partiet sine tre representantar i Formannskapet, når han seier:

– Vi meinte at det budsjetterte underskotet kunne dekkast opp ved å bruke sparefond i ei omstillingsperiode, nettopp fordi vi var redde for ringverknadane av ei slik dramatisk innsparing på kort sikt, utan å gi avdelingane høve til å kome med langsiktige omstillingsplanar, seier han, og held fram:

– Når dei kommunale avdelingane får ordre om umiddelbart å innføre store sparetiltak for å unngå akkumulering, så må dei først ty til dei enklaste tiltaka, som mellom anna tilskot til kultur, lag og organisasjonar. Eit aktivt kulturliv er viktig for oss alle, og både vi politikarar og herøysamfunnet generelt må sjå verdien av eit levande kor- og korpsmiljø, og vurdere om ikkje kommunale midlar burde kunne bli nytta kvart år for å støtte dette verdifulle arbeidet.

– Aldri behageleg

Solveig Båtsvik (Frp) har følgjande kommentar:

– Som dei fleste har fått med seg, er Herøy kommune i ein situasjon der vi har vore nøydde til å kutte i alle avdelingar. I slike tider må hovudfokuset vere på lovpålagde oppgåver. Det er aldri behageleg og ønskeleg når slikt er naudsynt, verken for dei som vert råka eller for lokalpolitikarane.

– Ikkje urimeleg

Kjell Runde meiner følgjande:

– Eg som er vald inn på Folkelista, vil prøve å skjerme dei svakaste, men det er ikkje alltid like lett. Eg ser at enkelte vert litt vel hardt råka, men å gå inn for same ordning som dei fleste andre kommunar har, ser eg eigentleg ikkje som urimeleg. Herøy kommune stiller sterkt med satsing på kultur, men diverre kan ikkje kommunen hjelpe og støtte alle. Kanskje kan kulturetaten og oppvekstetaten saman finne ei løysing.