Kunne handtert tilsettingssaker på ein betre måte

Kontrollutvalet meiner to tilsettingssaker i Herøy kommune kunne ha vore handtert på ein betre måte av rådmannen.

HERØY RÅDHUS:   Foto: Stian Langlo Driveklepp

Nyhende

Kontrollutvalet har sett nærare på dei omstridde sakene med tilsetting av Andreas Nørve som assisterande rådmann i Herøy, og pendlaravtalen som blei inngått med kommunalsjef Jan Vidar Dammen-Hjelmeseth.