Nedgangstidene er framleis over oss

Offshorekrisa, med sine tilhøyrande negative ringverknader over heile regionen, er på langt nær over. Framleis slit fleire av dei store offshorereiarlaga, og ingen blir forbausa om det kjem fleire samanslåingar i bransjen (les: at fleire selskap kan bli «slukte»).
Nyhende

Havila Shipping la nyleg fram ein urovekkjande årsrekneskap for 2018. Underskotet var på svimlande 1,1 milliard kroner. Vi merka oss orda frå Njål Sævik i den samanheng:

– Ingen av dei større selskapa i bransjen klarer seg med dagens ratar, sjølv om aktiviteten er noko høgare og ratane også noko betre. Det er framleis altfor mange skip som konkurrerer om kontraktane.

Lokalt er det heller ikkje slik at verftsnæringa har kome skikkeleg på beina igjen etter offshore-sjokket. Framleis tener dei fleste (med nokre unntak) av verfta lite pengar, og det vert spekulert mellom anna i om Kleven Verft kjem til få nye eigarar når Hurtigruten er i mål med sitt byggjeprogram.

Dessutan er det eit mylder av mindre bedrifter som framleis har utfordringar, i kjølvatnet av oljesmellen. Nokre av desse har skrumpa betrakteleg inn, med mindre arbeid og færre tilsette.

Lyspunkt finst det òg, både med nysatsingar og døme på vellukka kursendringar. Dessutan: Fiskeri og fiskeoppdrett, med sin underskog av funksjonar, leverandørar og bedrifter, er to berebjelkar som også i framtida vert svært viktige.

Arbeidsløysetala er ein bra indikator på korleis næringslivet i ulike regionar står seg. Her ser vi framleis at delar av Ytre Søre Sunnmøre slit. Også folketalsutviklinga gir ein peikepinn på at alt ikkje går på skjener for tida. Det er eit stykke opp og fram før den naudsynte omstillinga er gjennomført på ein måte som gjer at ein kan friskmelde det lokale næringslivet.