Forslag om takstsoneauke vart forkasta

«Kva var dette for slags påfunn?»

Ordførar Dag Vaagen er mellom dei som har engasjert seg etter at det brått vart gjennomført distansemålingar på alle ferjestrekningane i fylket.

Larsnes-sambandet: Fylkespolitikarane skar gjennom og nekta administrasjonen å gjennomføre takstsoneauke på strekninga mellom Larsnes og Kvamsøya. Bakteppet er at det brått har oppstått uvisse om avstanden bikkar åtte kilometer eller ikkje.  Foto: Endre Vorren

Nyhende

– Eg, og fleire med meg, har stilt spørsmålet «kva var dette for slags påfunn?». Det har vi endå ikkje fått svar på, seier Vaagen i ein kommentar etter onsdagens møte i samferdselsutvalet.