Tilsetjingsprosessar og «gullkanta» avtalar

- Slike avtalar kan ingen «på golvet» drøyme om – og vil heller ikkje ha det. Det er usosialt og skaper klasseskilje, skriv styret i Utdanningsforbundet Herøy.
Nyhende

Vi viser til det som står i Vestlandsnytt 5. mars 2019, der det kjem fram at ein kommunalsjef har sagt opp stillinga si. Utdanningsforbundet Herøy ser det som viktig å kommentere saka, då vi ynskjer at prosessane rundt tilsetjing og arbeidstidsavtalar skal verte betre i framtida. Vi presiserer at dette ikkje går på person, men vi ser det nødvendig å reagere på handteringa Herøy kommune har hatt i ulike saker den siste tida.

Kommuneøkonomien har vore pressa i årevis. Politikarane har måtte gjere kutt i alle sektorar. Resultatet, også for våre medlemmar, har vore «å springe raskare». Vi får fleire elevar som skal dele sin barnehagelærar og lærar. Det er ikkje lenger snakk om å gi borna det beste tilbodet, men å gi eit forsvarleg tilbod. Det er å gi eit tilbod innanfor minstenormene som er pålagt i oppvekstområdet.

Som ein ansvarleg organisasjon, må vi akseptere at arbeidsgjevar gjer grep for å behalde og rekruttere arbeidstakarar. Av og til må også arbeidsgjevar strekke seg lenger enn det ein ønskjer for å få dette til. Men slike grep må vere musikalske.

Tilsette les i avisene om inngåtte avtalar som er svært gunstige, både økonomisk og med særleg tilpassing. Slike avtalar kan ingen «på golvet» drøyme om – og vil heller ikkje ha det. Det er usosialt og skaper klasseskilje. Det har skapt reaksjonar som vi ikkje har sett på lenge.

Samstundes som avdelingane planlegg ei ny omdreiing i innsparingsskruen, verkar avtalane heilt disharmoniske. Moti- vasjonen forsvinn når ein alt bruker alle sine krefter på å gjere ein god jobb for barna. Dei tilsette føler harme over skilnaden mellom Kong Salomo og Jørgen Hattemakar.

Vi veit at Rådmann har fullmakter til å kunne tilsetje kommunalsjefar, og vi ser også at organisasjonane og Rådmannen kanskje ser ulikt på kva som er drøfting og kva som er informasjon. Vi håpar prosessane blir betre i framtida!

Vi ser fram til at kommunen sine hovudtillitsvalde får delta aktivt i tilsetjingsprosessen med å få på plass ein ny kommunalsjef.