– Åh, eg skulle ønske eg var gut, utbryt Emma Sævik og smiler lattermildt mot nokre av klassekameratane backstage på Fosnavåg konserthus.

Ho meiner det ikkje bokstaveleg. Men dei to gutane i rommet, Henrik Solheim Stave frå Herøy og Henrik Hjorthaug Halle frå Ulsteinvik, har nettopp fått demonstrert ein skikkeleg «herleg» stemme som dei skal syngje på ein låt.

Det er onsdag ettermiddag og det vesle seksmannskoret har si første og einaste øving med Bjørn Holum før dei skal i elden om ei veke.

Holum sit ved keyboardet og spelar tonane ungdommane skal syngje på ein låt, før han set på høgtalaranlegget og let dei øve seg til Solveig Slettahjell si eiga røyst. Ungdommane skal kore henne på totalt tre songar når ho opptrer på Fosnavåg konserthus onsdag 13. mars. Låtane dei får vere med på er: «Crazy» av Gnarls Barkley, «Come Healing» Av Leonard Cohen og «I Don’t Feel No Ways Tired» av James Cleveland.

Soulfull jazz

Den norske jazz-songaren Solveig Slettahjell (47) er, ifølgje Wikipedia, kjend for si soulaktige og forførande røyst og har fått fleire prestisjefulle prisar innan jazz-sjangeren.

Når Solveig kjem ti Fosnavåg, har ho eit ønske:

– Ho sa det hadde vore gøy å ha med eit kor, for ho treng nokre korarrangement. Så kva gjer vi då? Det er nemleg ikkje så mange her ute som kan ta denne typen arrangement, seier arrangementsleiar Bjørn Holum ved Fosnavåg konserthus.

– Eg tenkte: Kvifor ikkje snakke med Emma, for ho song med Beate Lech (Beady Bell, red mrk.) då ho var her. Eg spurde Emma om ho kunne finne nokre fleire som kunne tenkje seg å syngje med Solveig, og her er vi, smiler han.

– Ei stor moglegheit

Ungdommane, som går i same klasse på musikklinja ved Volda vidaregåande skule, hadde ikkje høyrt om Solveig Slettahjell frå før. No er dei glade for at dei har «oppdaga» henne.

– Det er heftig musikk, seier Henrik Stave.

– Ja, ho er heilt rå. Dette er ei stor moglegheit for oss, nikkar Emma Sævik.

– Det er stas å få syngje med ein så anerkjend artist, seier Marte Grønvold Nilsen.