STADT fekk kontrakt på eit nytt marineprosjekt for NATO-land

Gjerdsvikabedrifa STADT AS har signert ein kontrakt på elektrisk framdriftssystem til eit nytt stort militært fartøy.

Hallvard L. Slettevoll: Administrerande direktør ved STADT AS trur på fleire forsvarskontraktar.  Foto: Pressefoto

Nyhende

– Omfang og detaljar om prosjektet vert ikkje offentleggjort no, men det er ei svært betydningsfull kontrakt, som STADT har vunne i konkurransen med langt større internasjonale konkurrentar, opplyser administrerande direktør Hallvard L. Slettevoll i STADT AS i ei pressemelding.

Vidare opplyser selskapet at elektriske framdriftssystem for militære skip er i framvekst. Ein av grunnane til at STADT blei valt er deira patenterte STEALTH – teknologi.

– Eit avgjerande konkurransefortrinn med STADT sin Lean Propulsion teknologi, er at den er støyfri på alle vis, robust, kompakt og treng ikkje kjøling. Det gir meir effekt ut til propellane, og sparer inntil 6 % brennstoff i forhold til konkurrentar, seier Slettevoll.

Fleire kontraktar?

Hallvard trur elles at fleire forsvarskontrakter vil kome snart.    

– Med den nye kontrakten, befestar STADT sin posisjon i den militære skipsmarknaden. STADT leverte i fjor eit stort system til SAAB i Sverige, også det til militært skip.

Dei opplever også interesse frå kommersiell shipping internasjonalt, innan eit stort spekter av skip som ynskjer ei eller anna form for miljøvenleg elektrisk framdrift.